Tekstanneks

21. desember 2007

Arild Rein: Vintercamping

«Skitprat er det einaste pratet eg lyttar til»



lesestykke
Arild Rein
Vintercamping

Arild Rein skriv bøker som sparkar, glefser og viser fram ting vi nok helst ville fortrenge, dersom vi kunne velje.

Etter det ærlege samfunnsportrettet Stavanger-trilogien har Arild Rein no skrive det han kallar eit «underhaldningsstykke». Det byrjar med ei gravferd og endar med ein fødsel. Sju kvinner drikk øl etter gravferda til ein mann. Ei av dei seier: «Eg ville ha barn med ein annan, men så blei det med den tullingen me følgde til grava i dag». Ei anna seier: «Alle har me knulla med den tullingen dei spadde ned i dag.» Ei tredje: «Alle skal me pissa på grava hans.»

Språkleg sett er Arild Rein ein meister i lågstil. Ved første blikket kan det sjå ut som om han let krafta i uttrykket – og den haldninga som ligg bak det – ha forrangen framfor alle konvensjonelle former for eleganse eller komposisjon. Men ved nærare ettersyn kan ein få det for seg at det som gjer Rein til ein ekstra framand fugl, er at han kombinerer ein lågstil lite brukt i litteratur med noko endå meir uvanleg: høgstil. Medan så godt som all norsk tekst som kjent putrar i veg i den same mellomstilen, normalprosaen, er ikkje Rein redd for å blande drit og patos, klynk og høgsong, treffsikkert sladder og skakkøyrd livsfilosofi. Baksideteksten gir hint om at det kan lesast i tradisjonen til romersk satire, med namn som Martialis og Juvenalis. Det er eit godt utgangspunkt, men boka kan også lesast som det ho mest av alt er: to hundre sider med aforismer, epigram, one-liners.

Dei sju kvinnene i dette stykket snakkar ikkje med kvarandre, dei snakkar med bordet, med glaset framfor seg, med seg sjølve eller med ein fellesskap der sarkasme er den sannaste forma for erkjenning. Alle linjene kunne ha vore (forkasta) gravskrifter over livsløp som ingen gode klisjear har vore utflytande nok til å dekkje. Ikkje alt er like treffsikkert, dei fleste slaga her er nok i lause lufta, til tider blir det ein svært statisk rundebordseanse, eit NM i skitne paradoks. Men det glimtar til, og ofte er det sjølve stiltonen som er poenget (eg klarer forresten ikkje å fri meg frå at eg òg kjenner igjen mykje av den same sarkastiske tonen i Agnes Ravatn si gode debutbok Veke 53).

«Ein varm tekopp etter all mishandlinga smakte betre før», «Når tennene dett ut, blir det lettare å suga», «Kvar dag er ein uinnspelt skrekkfilm», «Ein mann er eit kosedyr i full storleik», «Skitprat er det einaste pratet eg lyttar til», «Det er lett å ta feil av kven som er far til barnet ditt, er du dårleg i matematikk», «I spegelen ser eg ein masse med hesleg kjøt i forfall», «Alt som er godt, har ein strekkode», «Det er ingen eg kjenner som ikkje har ADHD» og så vidare. Også scenetilvisingane er i den same tonen, som når ei av kvinnene – saman med denne lesaren – «sender ut ei latterkule bare dei mest kyniske ikkje blir trefte av».

Etiketter: ,