Tekstanneks

23. juni 2008

Tormod Haugland: Orm, ugla og and. Prosa obskura

Jordskjelv i ein ullsokk



essays
Tormod Haugland
Orm, ugla og and. Prosa obskura

Kan den verkelege Tormod Haugland vere så vennleg å reise seg opp?

Det første spørsmålet i teksten må bli: Kan eg skrive ei bokmelding av Tormod Haugland si nye bok? Og det førebelse svaret må bli: Nei, det ville vere for problematisk. Som bokmeldar ville eg setje for mykje på spel, undergrave mitt eige truverde ved å melde ei bok av ein forfattar som for åtte år sidan var læraren min på Skrivekunstakademiet i Hordaland, der vi sat i regnet på kaikanten på Verftet i Bergen og tok diktat med kulepenn på vått papir. Nei, nei, nei, det går ikkje, ikkje ei bokmelding av tekstsamlinga Orm, ugla og and. Prosa obskura av Tormod Haugland, tenkjer bokmeldaren. Men sidan han blir spurt pent, og dessutan mistenkjer at den Tormod Haugland som har gjeve ut denne boka ikkje er den same Tormod Haugland som vi blei kjend med den gongen, gjer han seg opp nokre tvilande tankar. Finst det ein annan Tormod Haugland? Finst det fleire? Eitt er sikkert: Det er ikkje Tormod Haugen som har gjeve ut denne boka, det er ein annan forfattar, sjølv om namnet kan likne. Det er namnet sitt problem, men også namnet sin store sjanse: Namn liknar på andre namn, og den dei står for kan dei både skjule og vise fram. Bokmeldaren, på si side, sit bak sitt eige namn og tenkjer: Kan eg ikkje skrive ei bokmelding, så kan eg kanskje skrive ei bokvarsling. Bokvarslinga, ja, bokmeldinga si så lite påakta kusine, i vår tid av og til omtalt som litteraturverda sitt svar på trafikkskiltet, visuelt uttrykt som ei stilisert bok inne i ein raud trekant. Ja, slik blir det uttrykt, sjølv om vi jo alle veit at det er meir komplekst enn som så, og sjølv om det problematiske framleis er problematisk og alltid vil vere det. Det er det problematiske sitt problem.
For å bøte på habilitetsproblemet – som ikkje først og fremst er mitt problem, men avvisspaltene sitt problem, litteraturen sitt problem, eit nasjonalt problem – skal eg, tradisjonen tru, velje meg ein medvarslar, slik ein jo brukar å gjere det i bokvarslingar. Det er mellom anna dette som gjer at varslinga skiljer seg frå meldinga, og som gjer at sjølve dommen i varslinga framstår som mindre hermetisk, mindre sjølvgranskande, sjølv om det i realiteten jo også kan vere tvert om. Ein kan hugse det A.O. Vinje skreiv om bokvarslinga: «Det er fysst naar to Vardar brenn at Bygdi ser, det ikkje er sjølvtenning». Eg tek opp telefonen, slår nummeret til farmor og spør om ho vil vere medvarslar.

Ein sommar for nokre år sidan flakka farmor yrkeslaus rundt på garden. Ho henta posten to gonger kvar føremiddag, for å gjere håpet større om ein tilfeldig naboprat ved postkassestativet. Når ho tok opp posten lét ho det alltid vere noko igjen, så det støtt skulle vere noko å hente, noko å fiske opp, halde i handa om ho møtte nokon, noko å stoppe opp og studere. Elles rak ho ikring. Eg såg at ho vannsmekta den sommaren, vart tynnare og kvarv. Alle ho vanlegvis kunne ha prata med dreiv rundt i større ringar, i bilar og fly, på ferie, ute av bygda, landet, tida. Ho var igjen, og landskapet rundt henne var tomt, med unntak av ein slektning og granne som gøymde seg i skuggane. Det var eg. Framfor augene mine i skuggane hadde eg bøker. Eg låg på magen og las, på ryggen, på sida og sat på huk. Til slutt blei farmor så lei av gagnlaus gange at ho bestemte seg for å ta opp lesinga, ho òg. Ho spurte meg om bøker, og eg gav henne tankelaust nok ei eg hadde for handa: den første boka til Tormod Haugland. Seinare ga eg henne fleire bøker, men alltid kom ho tilbake til meg med boka i handa, ulest. Dette var ikkje noko for henne. Til og med Henrik Wergeland prøvde eg å prakke på henne, erindringsstubbane Hasselnøtter, men heller ikkje det fall i smak. Eg lét likevel bøkene liggje og flyte rundt på garden i det fine vêret, og nokre gonger såg eg at ho plukka opp ei bok, las litt, la boka ned igjen, til dømes under plometreet, for så seinare å kome tilbake og plukke henne opp igjen, lese litt meir. Av og til kom ho bort til meg for å diskutere det ho hadde lest. Ho tykte det var framandt, sjølv om ho kjende igjen dei ytre omstenda i bøkene. Dei hadde eit landskap ho kunne kjenne igjen, men det var og blei uklart for henne kva dei ville, desse bøkene, og dette uklare verka det først som ho syntest var trugande, men så var det med eitt som ho meinte å kunne gjennomskode det: Å forstå kva desse bøkene ville var umogleg, for dei visste det ikkje sjølv. Dei flakka rundt. Ho flakka rundt og fann bøkene, bøkene flakka rundt og fann henne.

Ei veke etter at eg sende henne eit eksemplar av Orm, ugla og and. Prosa obskura i posten, ringjer farmor meg. Ho seier at ho har lest boka. Ja? seier eg. Kva vil du eg skal seie? spør ho. Eg seier at ho ikkje treng å seie noko. Men då var det vel ikkje meining i at eg skulle lese, seier ho. Nei, seier eg.
Tittelen skjønte eg først ikkje, seier farmor, men ein treng jo ikkje lese lenger enn føreordet for å skjøne, og etter å ha lest heile boka skjøner eg endå meir. Det handlar om dei tre dyra som gøymer seg i namnet til forfattaren, tORMod haUGLAND, sant? Og desse dyrenamna faldar han ut til ein tredelt symbolikk. Dette er ikkje tvisyn i Vinje sin forstand, men trisyn. Symbolikken blir uklart forklart, på karakteristisk vis, der i det myrlendte spennet mellom inste visdom og ytste vås, der Haugland er betre til å finne vegen enn dei fleste. Eg tolkar dyresymbolikken strammare og tynnare, som ein kroppsleg metaforikk, der ormen er kropp, ugla er auge og anda er munn. Og alle desse har eit språk. Eller kanskje kunne ein ha sagt at Tormod Haugland får namnet sitt til å tale, og gir dermed stemme til alle dei delane av seg sjølv som namnet hans nemner. Han fintar ut namneproblemet, ikkje sant? Trikset med tittelen er ein liten, symbolsk demonstrasjon på eit generelt trekk ved Tormod Hauglands tekster: Utan å gå utanfor språket, klarer forfattaren på uventa måtar å peike på språket sitt innhald. «Som et jordskjelv i en ullsokk,» skriv Ole Robert Sunde i etterordet, og det tykkjer eg er veldig godt sagt, seier farmor.

Alle tekstane i samlinga er trykte tidlegare. Her er dei ordna kronologisk, frå 1994 til 2007, med essay, noveller, intervju og andre artiklar om kvarandre. Skilnaden på dei første tekstane og dei seinare tekstane er stor. Det har skjedd ei utvikling. Ein kan godt lese boka som ein roman om Tormod Haugland, men det ein kan også godt la vere. Haugland skriv sjølv i føreordet at tekstane er «samla i bestefars namn». Men bestefaren sitt namn får vi interessant nok ikkje vite, trass i at han konkurrerer med Haugland sjølv om å vere ein slags hovudperson i boka.
Teksten «Snakk ikkje om sola når ho skin», som eir eit intervju med bestefaren, er ein av dei tekstane eg likar best, seier farmor. Det han seier om at ein skal vakte seg for teksten og passe seg for «å falle for den», tykkjer eg at eg kjenner meg igjen i. Han seier: «Eg kjenner dei som har vore bra folk, som har vore i stand til å tenkje klårt, men så har dei vorte fengsla av litterært stoff, og det har verka uheldig inn på dei, som om dei har mista balansen». I mange av dei andre tekstane er det akkurat som om Tormod Haugland skriv fiksjon når han skriv om bestefaren, at han berre finn på, men i denne teksten er det akkurat som om bestefaren kjem til syne, avslører seg, og samstundes avslører han deg, seier farmor i telefonen til meg. Eg svarer ikkje. Kva tykkjer du? spør farmor. Eg tykkjer, seier eg, at Haugland ofte gjer det vanskeleg ikkje å falle for teksten. Det går frå høgdepunkt til høgdepunkt. Han får det lokale, nærhistoriske og obskure til å ta på seg store forklaringsoppgåver. Sjølv der han berre skriv det sprøaste vas som du sit der og tenkjer at du gjennomskodar, så er det akkurat som om teksten skodar gjennom deg på same viset.
Farmor sukkar og flirer, ja, du Øystein, du Øystein, seier ho, med tonem éin, noko som er underleg, ho brukte alltid å uttale namnet mitt med tonem to.

Etiketter: ,

16. april 2008

Abo Rasul: Unfun

Intellektuell sprelling



roman
Abo Rasul
Unfun

Hovudpersonen i Unfun seier ein stad at det burde finnast eit eige ord for ein mann som «synes dum, men som egentlig er dritsmart». Skulle ein beskrive Abo Rasul sine tre bøker med deira eigne ord, så måtte det kanskje bli slik: dei virkar dumme, men eigentleg er dei dritsmarte. Den litt dumme måten å seie det på avslører likevel at det ikkje eigentleg er slik, ikkje nødvendigvis. Den som dømmer er også litt dum. Dum eller dritsmart eller streetsmart.

Unfun er den tredje boka i det som Mathias Faldbakken alias Abo Rasul har kalla «Skandinavisk misantropi». Desse romanane er spissformulerte fiksjonar som prøver å fungere som velplasserte bomber – eller iallfall kraftige kinaputtar – ved fundamenta for all rådande sjølvgod konsensus, samstundes som dei er klar over at det dei eigentleg gjer er å undersøke eller stille ut ulike versjonar av det Herbert Marcuse kalte den repressive toleransen. Bøkene og personane i dei har eit raseri som berre blir forsterka av den negative, cerebrale innsikta om at raseriet ikkje nyttar.

Vrange bøker. Macht und Rebel var eit åtak på den velmeinande venstreradikalismen, men ikkje dermed ein hyllest til kapitalismen. Desse bøkene er framfor alt vrange. Dei er også sleivete, ubehagelege, hylande morsomme og kanskje litt sleipe, men først og fremst vrange. Om ein skal samanlikne den norske litteraturen med eit alminneleg klasserom – noko det jo er all grunn til å gjere – så er Abo Rasul problembarnet. Vi kjenner typen. Han er ikkje blant dei som gjer mest av seg, men heller ikkje den som er stillast. Han passar ganske enkelt ikkje inn. Av rektor blir han tildelt spesialundervising og ekstra tilsyn, men han snor seg unna og gjer ting som får nokre av dei andre elevane til å le, nokre til å gispe, nokre til å snøfte og ganske mange til å trekke på skuldrane. Fordelinga av reaksjonar skaper intrikate sosiale mønster. Og utanfor klasserommet, blant dei andre vennane, heilt andre folk enn dei som er i klassa, der er han den smartaste.

Opninga av Unfun let lesaren (dersom ho ikkje har gjort research) sveve litt i uvissa om kven som fører ordet. Er det mann eller kvinne? Gammal eller ung? Kvinne, viser det seg. Lucy er mor til to «spinnville» 20-åringar, men likevel ung. Macht og Rebel flørta med nazismen, det gjer ikkje Lucy: «Å kalle meg nazi-fitte, for eksempel, er en slurvete bruk av ord. Fitte, ja, men nazi, nei. For det første er jeg anarkist, som sagt. For det andre er jeg neger.»

Den negative tenkinga er framherskande i denne romanen, slik det var det i dei føregåande. «Stay with the negative. All the time,» er boka sitt hovudmotto, sitert konseptkunstpioneren Ad Reinhadt. Lucy omtalar seg sjølv som negativ, ein stad som «et vandrende nei». Det er nærliggande å tenkje på haldninga som ein vrengt versjon av Nietzsche sitt dionysiske, altomfamnande «Ja til alt det tvilsomme, og selv det fryktelige». Den røyndommen Lucy er ein del av er fæl nok til å gjere ein slik affirmasjon utenkjeleg. Men i praksis befinn ho seg ein stad midt mellom «ja» og «nei», eller i rørsla mellom eit tilbakelagt «ja» og eit framveksande «nei». Ho lever med det fryktelege, og let det gå sin gong, sjølv om ho prøver å trekkje seg unna. Ho lever i eit Norge og eit Europa som er ein nær-framtidsdystopi, der det meste likevel er ganske så likt dagens tilstand. Lucy sine observasjonar er kanskje ikkje originale, men poengterte: «En skandinav er en person som til daglig lever i spennet mellom to vesensforskjellige følelser: Følelsen av usårbarhet: jeg kan ikke skades (av det jeg ser på tv) – og følelsen av utilstrekkelighet: jeg har ikke mulighet til å påvirke (det jeg ser på tv).» På kjøpet får vi gode misantropiske blødmer som dette: «Organisk liv kan sies å være en avskyelig sykdom som nærer seg på andre former for organisk liv.»

Sti av gørr. Lucy er andregenerasjons innvandrar. Far hennar kom til Norge som adoptivbarn, frå den nødramma ik-stammen i Uganda. Folk frå denne stammen blir blant anna kjenneteikna av at dei reagerer med latter på frykt, smerte og sorg. Iallfall i følgje antropologen Colin M. Turnbull. Historia om ik-folket er for god til å vere oppspinn, og det er det heller ikkje; Turnbulls bok er verkeleg nok, sjølv om han mildt sagt er omstridt. Faldbakken gjer heimeleksa si, grev fram og brukar verkelege historier og personar. Ikkje for å gjere si eiga framstilling meir truverdig – det er eit parameter som ikkje gjeld – men for å seie det med sheriffen i den aktuelle kinofilmen No Country For Old Men: «uh... a true story? I couldn't swear to every detail but it's certainly true that it is a story.»

Korsom er, tvillingane Atal og Vataman har arva ik-stammens reaksjonsmønster, noko som tilfører ein absurd komikk til det groteske og brutale. Faren til tvillingane – som eigentleg var trillingar – er den ustabile, «voldsintellektuelle» Slaktus. På notidsplanet har Lucy forlatt Slaktus, men ho er framleis den næraste støttespelaren hans, saman med tvillingane. Slaktus’ store prosjekt er produksjonen av dataspelet Deathbox. Dataspelet var opprinneleg ein filmidé med tittelen Mbo – Avenging Congo, der ein fransk vegarbeidar frå Kongo «slipper Afrikas vrede løs på Paris og etterlater seg en sti av gørr før han blir tatt av dage av filmens final girl». Slaktus hevdar at han har sine eigne grunnar til å velje nettopp Paris:

Det er ikke Balkan som er mørkt. Det er Europas hjerte som er mørkt. Europas hjerte er ikke London eller Berlin. Eller Roma eller Stockholm. Det er Paris. Fremdeles. Det er i Paris at Det Europeiske har skrumpet inn til å bli en skrukkete liten trøffel av bitterhet.

Høg teknologi, låg moral. Ved hjelp av Lucy og av tvillingane forstår Slaktus at ideen hans ikkje fungerer som film, men er perfekt som dataspel. Dette blir omtalt som eit farvel til narrativiteten. Dette farvelet kan også lesast som ein liten poetikk frå Rasul/Faldbakken si side. Bøkene hans har ikkje anna enn tilløp til narrativ oppbygging. Som Lucy seier: «I fiksjonen er det kun anslaget som er interessant, det er der ideene holder hus, det er der potensialet ligger,» og vidare:

Gamingen er, til forskjell fra både den komponerte narrativen og livet selv, en evig improvisasjon og en evig reformulering, den representerer en evig fjerning av hindringer og innskrenkninger, på en måte som verken livet eller narrasjonen klarer å oppfylle.

Slaktus hyrer inn gutta i selskapet Rapefruit, der det er «høy, høy teknologi og lav, lav moral». Dei lagar ein imponerande digital rendring av Paris, der den spelande skal gå rundt med ei steinsag frå det parisiske vegvesenet.

Skriv Abo Rasul dritbra eller dritdårleg? Det er eit elendig spørsmål, men Unfun viser uansett at han kan skrive treffande, vittig, reflektert, essayistisk, enkelt, ekkelt og underhaldande på ein gong. Delar av denne boka er rett og slett frydefull lesnad, der lesaren flyt av garde rundt i verda på ei passeleg tjuktflytande og fargerik bølgje av misantropi. Og samstundes er det heile tida ubehageleg på den snikande måten, den måten som får lesaren til å tenkje: Kva vil forfattaren med dette, eller rettare sagt med meg? Kva har forfattaren fått meg til å tenkje no? Som roman knakar det høgt i samanføyingane, men slik at det får meg til å tru at knakinga er ein gjennomtenkt del av ein utspekulert konstruksjon. Ein god arkitekt tenkjer også på lydane bygg skal lage.

Dét er naturlegvis ingen garanti for at resultatet blir sympatisk. Delar av denne romanen er skriven for reint ut sagt å plage lesaren på ulike måtar. Skrivemåten kan likne litt på den amerikanske forfattaren David Foster Wallace, men Abo Rasul er meir pedagogisk i sjølve stilen, mindre infamt eigenrådig, noko han tek igjen ved å la personane og handlingane vere desto meir vondskapsfulle og outrerte. Resultatet er at det er lettare å lese, men minst like vrient å fordøye.

Valdsintellektualisme. Det er eit paradoks at ein tekst som brukar mykje energi på å insistere på det kroppslege og på å skrive om smerte, forblir så cerebral og intellektualistisk som dette. Slaktus brukar sjølv eit sitat frå Freud til å underbygge sitt eige forhold til vald. Freud skriv at når meiningskonflikter «når opptil det høyeste abstraksjonsnivå» blir det igjen aktuelt med vald. «Dette kalles voldsintellektualisme,» seier Slaktus, som er fornuftig nok til å halde seg under kontroll ved å gjere som Tony Soprano: gå til terapeut. Men er det nok til å hindre volden i å bryte ut? Kanskje, hadde det ikkje vore for Rapefruit sine fatale programmeringsfeil i produksjonen av dataspelet.

Det høge abstraksjonsnivået er vel litt av forklaringa på den delte mottakinga Abo Rasuls bøker får. Men det er ikkje tvil om at det er satans godt gjort. I lesinga oppstår det spørsmål som: Kva trur eg på? Kvifor? Finst det noko å elske eller hate? Kva gjer eg om alt dette blir borte? Eller aldri har vore der? Unfun tematiserer ei av dei mest allmenne og desperate handlingane, som langt frå er ukjend for det tidlegare nevnte «problembarnet»: sprellinga. Som Lucy seier: «Man kan nesten bruke det som et memento: Når alt går galt: sprell.» Å lese Rasul kan vere ein sunn måte å røske opp i sine eigne meiningsskapande prosessar på. Sjølv om å seie det slik er nettopp den ufarleggjeringa boka sprellar mot.

Etiketter: ,

21. desember 2007

Arild Rein: Vintercamping

«Skitprat er det einaste pratet eg lyttar til»



lesestykke
Arild Rein
Vintercamping

Arild Rein skriv bøker som sparkar, glefser og viser fram ting vi nok helst ville fortrenge, dersom vi kunne velje.

Etter det ærlege samfunnsportrettet Stavanger-trilogien har Arild Rein no skrive det han kallar eit «underhaldningsstykke». Det byrjar med ei gravferd og endar med ein fødsel. Sju kvinner drikk øl etter gravferda til ein mann. Ei av dei seier: «Eg ville ha barn med ein annan, men så blei det med den tullingen me følgde til grava i dag». Ei anna seier: «Alle har me knulla med den tullingen dei spadde ned i dag.» Ei tredje: «Alle skal me pissa på grava hans.»

Språkleg sett er Arild Rein ein meister i lågstil. Ved første blikket kan det sjå ut som om han let krafta i uttrykket – og den haldninga som ligg bak det – ha forrangen framfor alle konvensjonelle former for eleganse eller komposisjon. Men ved nærare ettersyn kan ein få det for seg at det som gjer Rein til ein ekstra framand fugl, er at han kombinerer ein lågstil lite brukt i litteratur med noko endå meir uvanleg: høgstil. Medan så godt som all norsk tekst som kjent putrar i veg i den same mellomstilen, normalprosaen, er ikkje Rein redd for å blande drit og patos, klynk og høgsong, treffsikkert sladder og skakkøyrd livsfilosofi. Baksideteksten gir hint om at det kan lesast i tradisjonen til romersk satire, med namn som Martialis og Juvenalis. Det er eit godt utgangspunkt, men boka kan også lesast som det ho mest av alt er: to hundre sider med aforismer, epigram, one-liners.

Dei sju kvinnene i dette stykket snakkar ikkje med kvarandre, dei snakkar med bordet, med glaset framfor seg, med seg sjølve eller med ein fellesskap der sarkasme er den sannaste forma for erkjenning. Alle linjene kunne ha vore (forkasta) gravskrifter over livsløp som ingen gode klisjear har vore utflytande nok til å dekkje. Ikkje alt er like treffsikkert, dei fleste slaga her er nok i lause lufta, til tider blir det ein svært statisk rundebordseanse, eit NM i skitne paradoks. Men det glimtar til, og ofte er det sjølve stiltonen som er poenget (eg klarer forresten ikkje å fri meg frå at eg òg kjenner igjen mykje av den same sarkastiske tonen i Agnes Ravatn si gode debutbok Veke 53).

«Ein varm tekopp etter all mishandlinga smakte betre før», «Når tennene dett ut, blir det lettare å suga», «Kvar dag er ein uinnspelt skrekkfilm», «Ein mann er eit kosedyr i full storleik», «Skitprat er det einaste pratet eg lyttar til», «Det er lett å ta feil av kven som er far til barnet ditt, er du dårleg i matematikk», «I spegelen ser eg ein masse med hesleg kjøt i forfall», «Alt som er godt, har ein strekkode», «Det er ingen eg kjenner som ikkje har ADHD» og så vidare. Også scenetilvisingane er i den same tonen, som når ei av kvinnene – saman med denne lesaren – «sender ut ei latterkule bare dei mest kyniske ikkje blir trefte av».

Etiketter: ,

1. september 2007

David Foster Wallace: Glemsel

Hysterisk bra



noveller
David Foster Wallace
Glemsel

Snorking, drap og fokusgrupper. David Foster Wallace er nesten uverkeleg dyktig, utan å brife.

Preben Jordal si omsetjing av den foreløpig siste skjønnlitterære boka frå David Foster Wallace si hand er imponerande på minst tre måtar: For det første at omsetjinga er påbegynt, for det andre at ho er avslutta, og for det tredje at ho funkar fint. Det må ha vore ein kamp.

Wallace slo gjennom med den monstrøse mursteinsromanen Infinite Jest for litt over eit tiår sidan, og har sidan vore ei tonegivande stemme i USAsk litteratur. At bøkene hans ikkje umiddelbart har blitt omsette til norsk, let seg kanskje forstå: Tanken på å omsette kva for ei som helst av bøkene hans er nok til å gi meg eit mangefasettert bilete av ei ueinsarta mengde omsetjarar som på dei respektive arbeidsromma sine – etter å ha gjort ei rask utrekning av si eiga timeløn på ein solid Casio-kalkulator frå 80-talet – kastar enten boka, kalkulatoren eller Norsk Ordbok ukontrollert hardt i veggen.

Personleg kan eg ikkje fri meg frå tanken om at Wallace sin hittil avgrensa påverknad på norsk litteratur har gjort litteraturen meir einsformig og reddare enn han elles kunne ha vore, på vegar med djupare, meir oppkøyrde spor, færre køyrefelt, strengare fartsgrenser og meir humørlaust litteraturpoliti. Det finst heldigvis unntak. Den mest openbert Wallace-inspirerte er John Erik Riley, men også litteraturen til folk som Simen Svale Skogsrud, Gunnhild Øyehaug og Øyvind Ådland har trekk som sender tankane i retning av Wallace.

Marknadsspråk. Men kva er det som er så spesielt med David Foster Wallace? Utan tvil er han ein forfattar som ulike lesarar vil reagere ganske ulikt på, og det gjeld ikkje minst Glemsel. Baksideteksten fortel at forteljingane er «særdeles morsomme og usedvanlig såre». Begge delar er slike sanningar vi kanskje treng å bli fortalt, for umiddelbart kan desse tekstane virke avstandsskapande og nærmast fryktinngytande. Men inntrykket endrar seg.

«Mister Squishy», den første teksten i Glemsel, er ei over 70 sider lang skildring av eit møte i «fokusgruppen» for smaksvurdering av eit komande snacks-produkt, med ein innfølt sans for marknadsspråket og ei opphoping av akronym som ein berre finn maken til i verkelege fokusgruppemøter eller marknadsrapportar. Wallace gjer også bruk av ein forteljar som med mildt autistisk presisjon fortel oss at «[m]indre enn 50 % av det samlede fottøyet i rommet involverte lisser» eller at «blodsukkeret deres ville begynne å stupe brått nedover rundt 11.30».

Dagdraumar. Spørsmålet om det «autentiske» blir ofte eit spørsmål om det singulære. Men Wallace kombinerer eit kompromisslaust søk etter det autentiske med ein like kompromisslaus sans for det fleirstemmige og fleirtydige. Tekstar som med første augekastet kan sjå hemingslaust ironiske ut, skiftar karakter og meining, både etter som teksten skrid fram og ikkje minst når ein les han igjen.

Handlinga i «Sjelen er ikke en smie» er grovt sett slik: Ein lærarvikar får eit anfall av galskap, ser det ut som, medan han skal skrive den amerikanske grunnlova på tavla. Dette ytrar seg ved at han gjentekne gongar flettar inn «DREP DEM DREP DEM ALLE» midt inne i setningane. Dei elevane som er åndsnærverande nok til å legge merke til dette, rømmer frå klasserommet og tilkaller politiet. På ein eller annan måte endar det med at lærarvikaren blir skoten og drept. Men dette handlingsforløpet blir det opp til lesaren å utkrystallisere dersom ho ønskjer det: I Wallace si forteljing ligg vekta på dagdraumane til eleven som fortel om minna sine frå denne dagen. Desse dagdraumane – som er grundigare og meir medrivande skildra enn den «verkelege» handlinga – gjer at han ikkje merkar det som skjer, og blir verande igjen i klasserommet då det brakar laust, saman med tre andre elevar, sannsynlegvis like fråverande.

Tragisk komedie. Særleg påfallande er kanskje tittelteksten «Glemsel». Vi får historia om ein middelaldrande mann som, etter eit slag golf, prøver å fortelje svigerfaren om problema i ekteskapet. Kona til forteljaren anklagar han for å frårøve henne nattesøvnen med snorkinga si. I byrjinga kan ein kanskje få litt sympati for mannen, som hevdar at han ikkje ein gong rekk å sovne om kvelden før kona reiser seg opp i senga og forlangar han ut av rommet på grunn av snorking. Han meiner at kona berre drøymer at han snorkar. Klassisk komediemateriale. Men etterkvart viser han seg som meir og meir usympatisk, og løysinga på konflikten sit langt inne, men er til slutt ikkje til å unngå: Dei må få ein uavhengig dommar, ein søvnklinikk, til å avgjere saka. Ei enkel historie går gjennom fleire gradvise hamskifter, heilt til siste sida, som igjen set heile teksten i eit nytt lys.

Vi får også fem andre hysterisk kontrollerte eller kontrollert hysteriske tekstar. David Foster Wallace er nesten uverkeleg dyktig, utan å brife, likevel ofte irriterande. Men denne boka er solid nok at ho let seg kaste i veggen og bli plukka opp igjen opp til fleire gongar.

Øystein Vidnes | Morgenbladet, 1.09.07

Etiketter: ,

31. august 2007

Mattis Øybø: Ingen er alene

Meiningslekkasje



Roman
Mattis Øybø
Ingen er alene
Forlaget Oktober

Dei siste sidene av Ingen er alene les eg medan eg ventar på ein t-bane. To gamle venninner møtest rett ved sida av: «Så fint å sjå deg,» seier ei smilande kvinne som kjem gåande, «korleis går det med deg?» Den andre kvinna, ved sida av meg på benken, svarer at det går «verkeleg strålande!» Etter å ha gleda meg eit sekund over dette møtet, konsenterer eg meg om boka. Men straks etter merkar eg at nokon står framfor meg. «Så fint å sjå deg! Korleis går det med deg?» Det er den same kvinna, og no snakkar ho til meg! Ho er kanskje 70 år, høg og tynn, med knallblå kjole og eit blendande smil. Med eit ungjenteaktig kroppsspråk set ho seg inntil meg og kikar i boka. «Forlat ditt sinn her,» les ho stakkato, nølande. «Kva slags språk er dette? Eg forstår ikkje.» Eg burde kanskje nemne at dette går føre seg på t-banestasjonen Alexanderplatz i Berlin, og at kvinna snakkar tysk. Eg mumlar – på engelsk – at eg ikkje forstår tysk, ei setning som har modna i munnen min. Eg kjenner meg som ein feig løgnar, men kva enn det no er denne kvinna vil, føler eg at eg må avvise det. I det same legg eg merke til at ho ber på ein bunke med den tyske utgåva av Vakttårnet. På t-banen eit par minutt seinare, ser eg ei ung kvinne lese i Vakttårnet med eit intenst interessert blikk og byrjar å undre meg over grensene for skepsis: Under kva slags omstende får menneska for seg at «skepsis» er det viktige? Og kva får dei til å bli «opne», eventuelt opne for kva? Tankane blir tenkte i lys av Ingen er alene, og vil ha det til at eg under lesinga hadde veksla – nei, oscillert! ukontrollert! – mellom å vere skeptisk og å opne meg for denne boka.

Sekt. Åpningsscena i Ingen er alene er først og fremst nettopp det: ei scene. Ei sekt som kallar seg Menneskesønnen, litt under hundre kvitkledde menneske, samlar seg i Frognerparken om morgonen søndag 24. august 2003, for å vente på verdas undergang. Det heile blir skildra gjennom dei dei tilfeldig forbipasserande sine blikk, i form av ein allvitande forteljar som smyg seg smidig frå det eine perspektivet til det andre. Sekta si tru blir skildra som noko eksotisk, som om menneska i denne boka aldri før hadde sett nokon som har ei form for tru: «Hun merket at hun fortsatt var nysgjerrig, men nå etter at ordet var funnet – tro, tro, tro – på et mer distansert vis, med det moderne menneskets blikk for ekstreme fenomener. Jeg var der. Jeg så det. Så interessant.»

Dette scenarioet er boka sitt omdreiingspunkt, men historia sitt notidsplan er eit halvår seinare. Psykologen Harald Stange har fått ein av dei kvitkledde frå Frogneparken som klient. For verda gjekk ikkje under. Sektmedlemmene venta, men det skjedde ingenting. I tillegg til å vere tidlegare sektmedlem, er Nicholas Berg son av ein kjend filmregissør som forsvann nokre år tidlegare. Gjennom å få Nicholas Berg til å fortelje historia si, prøver psykologen å finne ut kvar alt gjekk gale, men etter kvart kjem noko anna til å bli viktigare: jakta på Josef Berg sin siste film, som etter rykta skal ha sterke effektar på dei som har sett han.

Meisterregissør. Mattis Øybø blandar fiksjon og røyndom for å konstruere ein tenkt, men truverdig norsk filmskapar i same meisterklasse som Terrence Malick, Roy Andersson og Andrej Tarkovskij. Den fiktive Josef Berg laga ikkje like mange filmar som ein Ingmar Bergmann, men dei få han laga blei vidt anerkjende som meisterverk av cineastar over heile verda.

Bergs karriere er på mange måtar svært imponerande gestalta i boka. Skildringa av filmane Våren i Kiev og særleg Gomorrah er skjønnlitterære prestasjonar i seg sjølv, i sjangeren ekfrase (dikt som skildrar eit kunstverk). Dette er filmar eg ville ha likt å sjå! Likevel kjem det inn eit spørsmål som gjeld på eit meir generelt plan: Er Mattis Øybøs språk nyansert og dristig nok til å omfatte alt det ønskjer å omfatte? Forteljarstemma og sitata frå boka om Bergs filmar fortel oss ofte utan vidare kva personane i filmane føler – som om det skulle vere noveller – i staden for å skildre det som skjer på lerretet, slik ein skulle vente av ein filmvitar. På meg verkar dette lite truverdig og litterært «lettvint». Eg skriv lettvint i hermeteikn, fordi det naturlegvis ikkje er lettvint, men Øybø legg lista høgt med denne romanen. Trass i at han er kompleks, er romanen lett å lese, og det er ein kvalitet. Likevel maktar ikkje Øybø å lade språket med den meininga som eg innbiller meg skal til for å løfte romanen opp i den høge litterære divisjonen han kunne ha høyrt heime i, og som han strekkjer seg mot.

Gnostisisme og austleg mystikk. Psykologen Harald Stange er kanskje den mest interessante personen i romanen. Han er «god til å lytte» (sitat frå meir enn éin kjærast), han utøver og taklar yrke og samliv gjennom å vere passiv, men han er ikkje nokon stereotyp figur, og det er heller ikkje kona hans, Helene. Skildringa av samlivet deira sin vekst og fall – den underlege mekanismen som gjer at dei ikkje kan snakke saman, korleis dei taklar det å ikkje kunne få barn – er sterk og utgjer ein viktig del av boka.

Psykologen har eit mantra som stadig blir gjenteke: «Vi forteller hverandre historier for å overleve». (Før fiksjonen tek til, med lita skrift i kolofonen, får vi vite at denne setninga er «forfatterens oversettelse av Joan Didions åpningssetning i boken The White Album (1979).») Men det blir gjort ei uforståeleg rask slutning frå denne observasjonen til det som blir denne romanen og Harald Stange sitt framherskande syn: kunsten som religionserstatning. Vegen frå å fortelje historier, via å «se mennesket i sin sammenheng» til å sjå «Gud».

Sidan portretta av Harald Stange, filmregissøren Josef Berg og sonen hans er såpass nyanserte, blir det også vanskeleg å bli overbevist av fascinasjonen deira for sekta Menneskesønnen og sektleiaren Olav Borman. Borman framstår på alle måtar som ein banal og ureflektert mystikar som predikar eit sjølvkomponert brygg av gnostisisme og austleg mystikk. Fascinasjonen for filosofien hans er sjølvsagt ein reint ytre ting, som ikkje lesaren treng å forstå, men utsegnene hans opptek ein såpass stor del av romanen at ein ikkje kan anna enn å byrje å tru at forteljaren prøver å pumpe ei eller anna form for meining inn i sjølve tenkinga. Dette blir forsterka gjennom gjentakinga av enkeltsetningar, som «Jeg sov, men nå er jeg våken». Boka har fleire gjentakingar som etterkvart får karakter av mantra, deriblant Josef Bergs viktige læresetning «Film er å se uten smerte». Liva til personane i denne boka liknar dei verkelege liva vi ser rundt oss og sannsynlegvis lever, men dei ser ikkje ut til å ville protestere mykje mot å bli skildra på ein måte som er like banalt gjennomsnittleg som den er fordømmande: «De lever på prefabrikkerte forestillinger, historier som kanskje gir dem lykke og tilfredshet, men som ikke er sanne. Nei, deres lykke er falsk. Penger. Karriere. Suksess. De sover, men du skal våkne».

Romanen til Mattis Øybø har misunnelsesverdig klare ambisjonar om å vere eit slikt totalkunstverk som det blir snakka om i boka. Men språket, gjentakingane, dei setningane som skal vere med på å bygge opp verket, blir i staden dei hola meininga står i fare for å lekke ut gjennom.

Etiketter: ,

17. august 2007

Truman Capote: Sommeroverfart

Svermeriets herligheter



Elegant og småironisk frå ein ung Truman Capote.

Roman
John Fante
Sommeroverfart
Omsett av Knut Johansen
Arneberg Forlag

Då Truman Capote sin berømmelse i 1966 for alvor tok av med In Cold Blood (Med kaldt blod på norsk i 1966), sa Capote opp husværet sitt i Brooklyn utan å ta bryet med å gå gjennom eigedelane sine, han bad ganske enkelt om at dei blei kasserte. Papira frå det husværet dukka opp på auksjonshuset Sotheby’s i New York i 2004, og manuset til Sommeroverfart var blant papira.

Truman Capote var 19 år då han byrja på Sommeroverfart, medan verda framleis var uvitande om at han var amerikansk litteraturs vordande vidunderbarn, kjeruben med det farlege blikket. Han hadde enno ikkje skreve den intense debutboka Other Voices, Other Rooms, som gjorde han berømt over natta. Sjølv hevda Capote i ettertid at berømmelsen skuldast like mykje biletet på baksida av debutboka: Ein ung gut liggande på ein sofa med eit blikk som fekk middelaldrande damer på gata til å sverge på at han var farleg, og som fekk ein fire år yngre Andy Warhol til å skrive fanbrev og jakte på Capote i New York.

Elegant. Den pur unge Capote skiljer seg frå den unge og den eldre Capote først og fremst med ei meir barokk språkføring. Her ynglar metaforane og dei minutiøse skildringane, men dei tek ikkje overhand. Ein merkar at forfattaren allereie har lært å halde seg i skinnet, og veit kva som skal forteljast og kva som skal utelatast. Sjølv om Capote blir både ein meir effektiv og intens forteljar i dei seinare bøkene, er dette like fullt ein elegant kortroman.

Historia er som følgjer: 17 år gamle Grady vil ikkje bli med overklasseforeldra sine på ferie til Europa. Det som held Grady i byen om sommaren er ikkje berre barndomskameraten Peter, men også den hemmelege elskaren Clyde. Clyde jobbar ved parkeringsplassen der ho brukar å parkere bilen sin, og fell garantert utanfor foreldra sin definisjon av eit passande parti for Grady. Slutten av første kapittel, mora uroar seg over å a dottera vere igjen:

«[D]et var en fryktelig feiltagelse, de kunne ikke la henne bli igjen der, hun kunne ikke forlate barnet sitt uferdig, ufullstendig, hun måtte skynde seg, hun måtte si til Lamont at de ikke måtte reise. Men før hun fikk satt seg i bevegelse, hadde han lagt armene sine om henne; han vinket ned til barna; og så vinket hun også.»

Berre denne enkle skildringa av dottera som «uferdig, ufullstendig»: For meg nok til å heve heile boka opp eit lite hakk, særleg når det ligg ei så nøktern og lite oppsiktsvekkande sanning bak.

Skandaleflørt. Boka sin fremste kvalitet ligg likevel ikkje i språkføringa, men i perspektivet. Skildringa av den unge jenta er analyserande og kaldt observerande, samstundes som ein anar ei djupn og innsikt i skildringa av det hemmelege. Korleis ein løyndom ikkje blir ein løyndom før nokon andre veit om han, og om korleis den ein elskar – eller trur ein elskar – endrar karakter når han trer ut av fantasien og inn i det verkelege livet. Capote lukkast òg med å skildre Grady sin naivitet: som om ho såg dei gjennom ein kikkert, ser Grady skilja mellom seg sjølv og Clyde. Ho ser klasseskiljet, religionskiljet, aldersskiljet, det reint eit geografiske skiljet, men ho forstår ikkje rekevidda av dei. Og sjølv om desse skilja synest uoverstigelege her, er det likevel eit anna som blir liggande som eit meir grunnleggande skisma: kjønnsskiljet. Namnet Grady er kjønnslaust, og interessant nok blir det fortalt at Grady er oppkalt etter ein dødfødd bror. Likevel er dei forventningane som blir stilt til henne så kjønnsspesifikke og så skreddarsydde til å sementere alle dei andre skilja som er mellom menneska.

Vi finn også eit frampeik i forhold til Capote si eiga karriere: Flørtinga med skandalen, først som komedie, så som tragedie. Grady og vennen Peter morar seg med å bli avbilda i ei sosietetsspalte som eit forlova par, men det er berre morosamt fordi det er lureri. Draumen er å bli sett, men samtidig at denne framvisinga skal hinte om noko som ikkje blir sett, noko alle veit er der, men som dei ikkje kan få grep om, som dei ikkje kan setje ord på eller meistre.

Slurvete omsetjing. Knut Johansen si norske omsetjing er dessverre ikkje så god som ho kunne vore. Språket til Capote byr på mange utfordringar, og det er utvilsomt mange kløktige løysingar her, men ei mengde slurvefeil og ein del underlege valg, gjer at eg mister tilliten til omsetjinga medan eg les. Nokre små eksempel: «Er du ikke pen?» seier Peter til Grady då dei møtest i den norske omsetjinga. Replikken «Aren’t you pretty, McNeil?» er meint stadfestande, men eg har vanskeleg for å sjå at den norske setninga med ei slik ordstilling har same funksjonen. «Do you know what that dreary girl has done» blir til «vet du hva den trøtte jenta har gjort». Setninga «Of many magics, one is watching a beloved sleep» blir omsett med «Av mange hekserier er en å se sin elskede sove». Kursiveringane er mine. Dette er berre nokre av dei meir snodige. Ein betre språkleg gjennomgang frå forlaget si side kunne ha retta opp mykje.

Etiketter: ,

6. august 2007

John Fante: Spør støvet

Litterære fantestrekar



John Fante si kultbok om den ambisiøse og sjølvhatande Arturo Bandini har endeleg kome på norsk.

Roman
John Fante
Spør støvet
Omsett av Børge Lund
Arneberg forlag

1.
Eg hugsar Spør støvet som ei pinleg bok. Eg måtte halde meg for augene og øyrene, utan at det hjalp. Eg måtte lukke boka, legge ho frå meg med framsida ned, putte ho ned i sekken, under ei anna bok, under kameraet, skyve sekken under føtene, under setet, forlate sekken under setet og gå ut på toalettet, gå gjennom vognene berre for å gå gjennom vognene. For eg sat på eit tog, nemleg. Og eg måtte gå tilbake, ta boka opp igjen frå sekken og lese vidare, om den pinlege, patetiske, avskyelege, irriterande, sjølvgode, tarvelege og fantastiske Arturo Bandini, i ei forteljing som kasta seg fram og tilbake og rundt i ring som ein kåt hund på jakt etter noko å parre seg med, kva som helst.

2.
Dei bøkene ein ikkje har lyst til å snakke om, er det dei beste bøkene? Er det dei bøkene ein berre har lyst til å sitere, frå første til siste linje, og føle at det er nok? Medan eg skriv desse linjene, no, inne på kafeen Hubertus Lounge i Berlin, høyrer eg klapringa av hundeklør mot det harde golvet som så vidt eg kan døme er laga av solide eikeplankar. Det er lyden av åtte hundeføter. To hundar hiv seg rundt i rommet, gøyr og glefsar mot kvarandre. Begge er svarte, den eine er liten, den andre er mykje større. Den minste prøver å kome seg opp på den største, men klarer det ikkje, sjølv ikkje då den store tispa stiller seg opp med bakenden i vêret og ventar. Alle kafégjestane ser på opptrinnet og synest det er pinleg og moro.

3.
«Målbevissthetens magre dager», kallar Arturo Bandini det, og tek den trøsteslause skrivinga på kornet. Etter to dagar framfor skrivemaskinen, den lengste innsatsen i livet hans hittil, er det dette som er resultatet: «bare ett ord skrevet igjen og igjen over papiret, opp og ned, det samme ordet, palme, palme, en kamp på liv og død mellom palmen og meg, og palmetreet vant: Se den svaie der ute i den blå lufta, se den knirke så yndig i den blå lufta. Palmen vant etter to dagers kamp».

4.
Spør støvet kom ut første gongen i 1939, og byrjar slik: «Det var en kveld jeg satt på senga i hotellrommet mitt på Bunker Hill, midt i sentrum av Los Angeles.» Hovudpersonen Arturo Bandini er fattig forfattarspire i draumane sin by under depresjonen, han skuldar husleige og må betale eller komme seg ut: «Et digert problem som krevde umiddelbar håndtering. Jeg løste det ved å slå av lysene og gå til sengs». Opninga minner naturlegvis litt om opninga på Hamsuns Sult, men er mindre ordrik, enklare og meir effektiv. Ei førstesetning der ordet «sult» førekjem, finst også her, i Charles Bukowskis forord til 1980-utgåva av Ask the Dust: «Jeg var en ung mann som sultet og drakk og prøvde å bli forfatter.» Alt verka trøsteslaust. Så oppdaga han Fante.

Bukowski hadde overtalt sitt eige forlag, Black Sparrow Press, til å gi ut nye utgåver av Fante sine bøker, som til då hadde vore ute av marknaden og gløymde i mange år. Bukowskis forord, som er gjengitt i den norske utgåva, var med på å sikre John Fante nye lesarar tre år før han døde. «Fante var min gud,» skriv Bukowski.

På si side har Arturo Bandini i boka flykta frå sin katolske Gud og oppvekst, men er villig til å forhandle: «Allmektige Gud, ha meg unnskyldt min ateisme, men har du lest Nitetzsche? […] [J]eg vil spille med åpne kort. Jeg vil gi deg et tilbud. Gjør meg til en stor forfatter, og jeg vender tilbake til Kirka.»

Bandini har allereie fått ei novelle på trykk, og det skal snart bli fleire, men først treng han noko å skrive om, han treng stoff, han treng livserfaring. Spør støvet er ikkje ei bok om erfaring, men om mangelen på erfaring, og det er difor ho er så gjenkjenneleg.

5.
Full fart forover, la meg holde på, ho ho som jeg elsker det, herregud som jeg elsker deg, og deg, Camilla, og deg og deg. Full fart forover, og det føles så bra, så herlig og varmt og mykt, deilig, delirisk. Oppover elva og ut over havet, dette er deg og dette er meg, store lubne ord, så lubne ord, store tynne ord, hei hei hei.

Kven kan skrive så frydefulle og frydefullt snublande avsnitt? Jau, det kan John Fante! Det kan John Fante når han skriv om Arturo Bandini i skriverus. Camilla er servitør på den kafeen der Bandini går for å drikke ein kaffi når han har fem cent i lomma. Som Bandini sjølv er Camilla andregenerasjons innvandrar til USA, han frå Italia, ho frå Mexico. Han blir dregen mot henne, men oppfører seg stadig elendig mot henne. Han er verre di vennlegare ho er, som når han kommenterer dei meksikanske sandalane hennar: «Må du understreke det faktum at du alltid har vært og alltid vil være en skitten liten dego?»

6.
Ein ting: Å vere Arturo Bandini. Ein annan ting: Å godta eller like Arturo Bandini. Kvifor kjem den stakkars Camilla Lopez stadig tilbake til den stakkars Arturo Bandini, og kvifor skyv han henne frå seg på stadig verre måtar? Eg har sett boka bli forklart som ei studie i innvandrarmiljøa og arbeidarklassen sin situasjon i USA under depresjonen, men ho fungerer nok ganske dårleg som det. Dette er og blir historia om Bandini.

7.
Arturo Bandini, den vesle, hovne bleien som det kan verke umogleg å like, men som ein likevel blir øm og nesten litt faderleg, moderleg eller kanskje aller helst androgynt forelderleg overfor. Så sint som ein kan bli på denne figuren, men framfor alt flau på hans vegner, hadde eg ikkje blitt på lenge, tenkte eg der på toget. Ikkje sidan eg leste Rita blir forfatter av Kristine Næss.

Næss sin roman om Rita som reiser til Sverige for å bli forfattar vekte ulike reaksjonar hos ulike lesarar, merka eg meg då han kom i 2002, akkompagnert av alt frå begeistra utrop til lesarar som kasta boka i veggen. Hos meg vekte Næss og Fante mykje av den same blandinga av begeistring og irritasjon eller frykt og avsky, ei blanding eg trivdest minst like godt med som den best tenkelege frukosten si blanding av nyleg rørt blåbærsyltetøy og blåmuggost, og tanken slo meg at Kristine Næss sjølvsagt hadde lest Bandini-bøkene. Om Næss si bok er ei endå litt betre eller endå litt dårlegare bok enn Spør støvet, anar eg ikkje: Begge er slike som gir meg lyst til å kaste alt som heiter dømmekraft ut gjennom vindauget på ein bil i stor fart over ei bru.

Då eg kom fram mot slutten av Spør støvet blei eg likevel for ei heil stund ganske sikker i saka. Bandini får eit telegram frå forteljinga si femme fatale, Camilla, der ho skriv under med eit dekknamn: Rita. Eg tenkte meg at ikkje berre Bandini, men altså også Rita blei forfattar. Det berre tok 63 år.

8.
Det gir ein eigen effekt å lese Spør støvet av John Fante samtidig som ein les til dømes Bob Dylan sin Chronicles I, det oppdaga eg i desember 2004. Eg leste delar av begge på toget mellom Warszawa og Kraków. Først lærte eg meg å bestille øl, vodka og togbillett på polsk, og dessutan å seie takk og versågod, så kjøpte eg ein billett til Kraków. Det var gode tider, eg hadde god økonomi, eg var nemleg på forretningsreise, så eg valgte første klasse, som viste seg ikkje å la seg kombinere med ikkje-røyk. Eg hadde kjøpt eit kyllingsmørbrød som eg tok opp då eg hadde funne plassen min i kupeen av den gamle typen: to gonger tre seter mot kvarandre og eit lite bord ved vindauget, slik ein del av meg hadde trudd ein berre fann det i filmar og bøker. Samtidig med at eg pakka ut smørbrødet, pakka den gamle mannen ved sida av meg ut ei pipe som han tok seg god tid med å fyre opp. Kroppen til denne mannen og det han hadde i hendene ga frå seg ei sterk, bitter, gjennomtrengande lukt. Smørbrødet i fanget mitt tok denne lukta opp i seg på den same ambivalente måten som Dylan og Bandini i løpet av dei nærmaste timane med lesing tok byen opp i seg, tenkte eg, men først etter mange mil, då den vesle, grålige kvinna rett andsynes meg forbarma seg over oss alle saman, opna den øvste delen av vindauget så vidt som mogleg og gav oss ein smak av iskald, polsk landsbyluft. Og Dylan, kva har han med dette å gjere? Det er den unge ambisiøse i ein framand by – vi har Rita i Stockholm, Arturo i Los Angeles og Bob i New York. Sistnemnde så forelska i alt han ser, tilsynelatande uendeleg mottakeleg for inntrykk. Tilsynelatande kvar augneblink klar til å bli slått i bakken av ei ny plate, ei bok, ei gammal plate, ein malar, ein kunstnar eller ei jente på sytten, alt dette utan å bli patetisk på nokon måte, berre seriøst utforskande og klar for å bli utforska. Hos John Fante og Arturo Bandini blir scenen komisk, samstundes både ærleg og parodisk. Den unge mannen i ein stor by møter ein prostituert, avslår forvirra tilbodet hennar, og lagar umiddelbart litteratur av opptrinnet:

«Hva sier du, kjekken? Har du lyst til å hygge deg litt?»
Den djerve elskeren, djerve og freidige Bandini.

«Næh,» sa han. «Nei takk, ikke i kveld.»
Han skyndte seg av gårde, forlot henne der hun sto og så etter ham og sa ord han gikk glipp av i flukten. Han gikk et halvt kvartal. Han var glad. Hun hadde i det minste spurt ham. Hun hadde i det minste gjenkjent ham som mann. Han plystret en melodi i rein og skjær nytelse. Mann på gaten gjør universell erfaring. Kjent forfatter forteller om natt med gatekvinne. Arturo Bandini, berømt forfatter, avslører sine erfaringer med Los Angeles-prostituert. Kritikerne hyller bok som beste noensinne.


Og så vidare, inn i fantasien om intervjuet ved avreisa til Sverige for å ta imot Nobelprisen.

9.
Tispa på kafeen er ute av syne. Den vesle hunden har gitt opp. Han ligg borte i eit hjørne med hovudet nede på golvet. Men magen hevar og seinkar seg litt meir enn på ein hund som slappar av. Han slappar ikkje av. Han pønskar på noko.

Eg noterer eit spørsmål i ei skriveblokk: Er det for seint å lese Fante no? På linja under skriv eg: Berre for dei som ikkje dagdrøymer lenger.

Spør støvet er den andre boka John Fante skreiv om Arturo Bandini, av til saman fire. Allereie i 1940 omsette Johan Borgen den første boka, Vent til våren, Bandini. Eg håper det ikkje tek like lang tid før dei to siste bøkene kjem, sjølv om Spør støvet uansett er den beste. Og Børge Lund si omsetjing på Arneberg Forlag har kome seint, men veldig godt. Lund har lagt seg tett opp til originalen, og skriv eit friskt, radikalt bokmål. Det kjennest verken som å lese ein utvatna eller ein oppsprita versjon av originalen, slik eg av og til fryktar at omsetjingar skal vere. Eit par skjemmande feil viser rett nok at dei involverte kunne ha lagt seg litt betre i selen: På norsk er det komma som er desimalskiljeteikn, ikkje punktum som her, og boka brukar gjennomført gåseauge som hermeteikn, noko som ikkje høyrer nokon stader heime i norsk typografi. Bortsett frå dette, og elles ei lita handfull typografiske lyter som mange norske bøker rett nok har felles, er det ei fin bok, der ho ligg på kafébordet.

10.
«Så kom igjen, Bandini – finn ditt hjertes begjær, finn lidenskapen din slik den er beskrevet i bøkene. To mennesker i et rom, en av dem er kvinne, den andre er Arturo Bandini.» Kanskje les ein ikkje Fante for å få dei nye eller store innsiktene, men det er heller ikkje poenget, sjølv om han nok blir betre jo tidlegare i livet han blir lest. Bandini si veksling mellom å fortelje om seg sjølv i første, andre og tredje person gjer han i stand til å vri og vende på sin eigen posisjon og skape seg sjølv i sitt eige bilete. Uansett kor pinleg og patetisk det heile er, blir det alltid litteratur, alltid pinleg og moro. «[H]un kunne hyle hvis hun ville, for Arturo Bandini var ikke homo, det var ingenting feil med Arturo Bandini; ja, han hadde lidenskap som seks menn, den gutten […] en mektig forfatter, en mektig elsker, hjemme i verden, hjemme i litteraturen.»

Etiketter: ,