Tekstanneks

15. mars 2010

Djevelfjellet



Ein kort definisjon på «historisk ironi»: Angsten og absurditetens meister, filmskaparen David Lynch, kjøper verdas mest Lynch-aktige stad, for å gjere det om til ein paradisisk stad for avkopling.

Tekst: Øystein Vidnes og Ellen Engelstad
Foto: Øystein Vidnes


Teufelsberg. Djevelfjellet. Det høyrest ut som åstaden for mysteriet i ei gulna og søtleg luktande Hardy-guttene-bok. Og det er det sannsynlegvis også. Men akkurat no, i historisk presens, er det staden vi er på veg til, gjennom skogen ein altfor sein ettermiddag om hausten. Teufelsberg ligg i Grunewald, i utkanten av Vest-Berlin, og både sjølve berget og namnet er av relativt ny dato. Sjølv om det ikkje virkar slik. Teufelsberg er eit type stad som det finst parallellar til i utkanten av fleire andre bombingsramma byar: Under gjenoppbygginga etter den 2. verdskrigen var det dumpingstad for bygningsrestar og alt anna som på denne tida måtte skufflast ut av byen. Resultatet var eit lite fjell, eller etter ein meir fjellvandt målestokk: ein diger haug.

På avstand har vi sett bygningane som gjer staden til eit landemerke: dei runde kuplane som ved første blikk kan likne toppane på bygningar i ein slags tenkt, funksjonalistisk utgåve av arabisk arkitektur. Naturlegvis stikk det noko under, også der. Det er ikkje nokon høgmodernistisk moské som ligg der oppe, men ei eksemplar av den karakteristiske etterkrigsarkitekturen til det amerikanske National Security Agency (NSA).
Vi går mellom dei glisne trea og tørre buskane, klokka er berre seks, men det er allereie mørkt, det er 26. november. Det seiast at det finst restar av 400 000 bygningar under føtene våre no. I halvmørkret merkar vi ikkje noko til det. Vi går på lauv, granbar og greiner. Men under bygningsrestane ligg det endå eit lag av historie. Teufelsberg er som ei abnorm, skitten bryllaupskake med mange historiske lag, og før vi kan snakke om kirsebæra på toppen må vi sjølvsagt nemne botnen. Det som blei begravd under Teufelsberg og nok aldri meir kjem til å sjå dagslys, var Adolf Hitler sitt millitærakademi, teikna av arkitekten Albert Speer. Hitler la sjølv ned grunnsteinen for bygget i 1937, men det blei aldri ferdig. Etter krigen hadde britane tenkt å bruke strukturen som hovudkvarter, men han viste seg ueigna til dét. I staden prøvde dei å sprenge bygget, men det var gjenstridig bunkers-aktig, så kraftig at løysinga til slutt blei å begrave det heile. Eksistensen av millitærakademiet var i stor grad gløymt i mange år, inntil ei gruppe entusiastar under namnet Berliner Unterwelten (berliner-unterwelten.de) for få år sidan gjenoppdaga dokument som fortalde om prosjektet. Dei jobbar no for å prøve å grave seg ned til bygget som dei meiner i stor grad må vere inntakt, trass i sprengingsforsøk og 12 millionar kubikk stein på toppen.

Sidan Berlin etter krigen, fram til murens fall, var ei slik merkeleg vestleg lomme inne i austblokka, var det ein ettertrakta åstad for etterretning. Inne i det elles avstengde Aust-Tyskland og relativt nær Sovjetunionen, og med historiske årsaker til å vere til stades millitært og diplomatisk, var det ein naturleg for amerikanarane å drive avlytting og anna observatørveksemd her. På 50- og 60-talet hadde NSA mobile avlyttingsstasjonar som etterkvart oppdaga at Teufelsberg var den ideelle staden å halde til, med særleg godt signalmottak. Men flatt som det er i berlinområdet var dei slakke bakkane ned frå Teufelsberg allereie tekne i bruk som skibakke. Det vesle lite skisenter med slalåmtrekk var forstyrrande for avlyttingsstasjonen, så etter press frå NSA blei det stengt. I motsett retning blir det også sagt at NSA la press på den årlege tysk-amerikanske festivalen i Zahlendorf for å få dei til å ha pariserhjulet ståande også etter festivalslutt; det fungerte forsterkande for mottaket. Stasjonen på Teufelsberg blir omtalt som ein av dei viktigaste avlyttingsstasjonane i den kalde krigen og var i drift til eit par år etter murens fall. På 90-talet blei området kjøpt av spekulantar som prøvde å bygge bustader på Teufelsberg. Men prosjektet havarerte, i fleire omgongar. Ingen ville bu på Teufelsberg. No står det berre tomt.
Så mykje meir enn dette veit vi ikkje denne kvelden i november, der dei kvite kuplane er så vidt synlege mellom greinene. I dette lyset ser verda ut som eit svart-kvitt-fotografi, det er fullmåne, halvvegs overskya. Vi veit ikkje at skogane i Grunewald husar over 1000 villsvin, og at det er tilrådd å følgje vegen eller dei oppgåtte stiane, ikkje berre gå på måfå gjennom skogen som dette. Men i mørkret finn vi ikkje vegen, vi går berre oppover dei slakke bakkane. Då vi nærmar oss dei forletne bygningane merkar vi at det også er mogleg berre å følgje lyden. Eit konstant ul kjem der oppe frå ein stad. Det har vore der heile tida, men det blir sterkare, og vi forstår at det er lyden av vinden gjennon dei tome tårna.
Vi har ikkje gjort god research. Vi veit ikkje om det er mogleg å gå inn. I fleire minutt går vi langs høge dobbeltgjerder med piggtråd på toppen. Før vi finn holet. Nokon har klipt hol i gjerdet, ein av dei få stadene der det berre er eitt gjerde. Vi er fire, har ikkje med oss lommelykter, men alle har mobiltelefonar som er i stand til å gi frå seg eit kvitt, bleikt lys. Går vi inn gjennom holet i gjerdet? Nei, vi går vidare langs gjerdet. Det er mørkt, og denne ulinga frå dei tome bygningane byrjar å gå oss på nervene. Vi går vidare før vi snur og går inn gjennom holet i gjerdet. Naturlegvis må vi gå gjennom holet.

Ingen av oss ville ha blitt overraska om det som venta oss bak gjerdet var den mystiske cowboen frå David Lynch sin film Mulholland Drive. Høg, hattekledd under ei blinkande lyspære ville han stille oss eit greit ja/nei-spørsmål. Same kva, i grunnen. Vi ville uansett svare eit nervøst «ja, klart det», og han ville sjå foraktfult på oss og seie med nasal Texas-røst:
«Did you answer cause you thought that's what I wanted to hear, or did you think about what I said and answer cause you truly believe that to be right?»
Då vi går inn gjennom gjerdet til NSAs nedlagde avlyttingsstasjon på Teufelsberg, veit vi naturlegvis at nokon hadde vore der før oss. Det vi ikkje veit er at ein av desse er David Lynch, to veker tidlegare.
David Lynch er, for eventuelle uinvidde, mannen bak tv-serien Twin Peaks, filmar som Blue Velvet, Wild at Heart og Lost Highway. I det historiske presens, november 2007, er den klaustrofobiske filmen Inland Empire kinoaktuell i Tyskland. Lynch har sidan byrjinga av oktober reist rundt på europaturné, ikkje for å snakke om filmen sin, men for å spreie bodskapen til stiftinga «David Lynch Foundation for Consciousness-Based Education and World Peace», som han oppretta i 2005. I følge Lynch på stiftinga sin eigen nettstad blei den stifta for å sørge for at alle barn i USA som ønskjer å lære transendental meditasjon skal ha høve til det. Denne læra blei grunnlagt og utvikla av Maharishi Mahesh Yogi, og blei gjort kjent på 1960- og 70- talet då kjendisar som The Beatles og the Beach Boys drog til India for å lære teknikken. Lynch kom i kontakt med transcendental meditasjon som filmstudent i Los Angeles i 1973 og har praktisert det dagleg i over 30 år. Han skriv at stiftinga støttar opprettinga av «universitet for verdsfred». Mindre er ikkje målet, og middelet er å tilby den oppveksande generasjonen «medvitsbasert læring».

No har David Lynch funne ut at det er på tide å utvide visjonen, også geografisk. 28. oktober er han i Belgia og legg ned grunnsteinen til «Universitetet for det uovervinnelige Belgia», og tysdag 13. november gjennomfører han den same seremonien på Teufelsberg i Berlin. Veit Lynch at det skjer temmeleg nøyaktig 70 år etter at Adolf Hitler la ned grunnsteinen for sitt krigsakademi? Mykje tyder på at han ikkje kjenner den historia.
Det er nærare midnatt, Lynch og et lite følgje med faklar i hendene dreg syngande og spelande opp til åstaden. Lynch grev sjølv ned den symbolske grunnsteinen, medan den utvalde leiaren for prosjektet i Tyskland, guru Roger Emanuel Schiffgens, også kalla «the Raja of Germany», kastar blomstrar og leier koret, som messar:
«Unbesiegbares Deutschland! Unbesiegbares Deutschland!»
Uovervinnelege Tyskland! Uovervinnelege Tyskland!
«Bølgjer av lykke, ein slags vakkert eufori,» forklarer David Lynch dagen etter, medan han gjer bølgjerørsler med hendene. Han snakkar ikkje om film, men om meditasjon. Lynch står på scenen i kinoen Urania og blant publikumet er både studentar som ønskjer svar på gåtane i filmane hans og folk frå Maharishi-rørsla. Lynch gir ordet til raja Schiffgens som kjem inn på scenen kledd i ei kvit kappe og det som ser ut som ein gullhatt på hovudet. Schiffgens strekk ut armene og seier:
«Vi er her for å etablere universitetet for det uovervinnelege Tyskland, og ei ny epoke i tysk historie. På universitetet vil studentane bli undervist i all kunnskap, og samstundes oppleve eit høgare medvit. Effekten er at heile Berlin blir opplyst, ei strålande kraft vil gå gjennom Tyskland, og all negativitet i Tyskland vil bli nøytralisert.»
Han smiler breitt, og seier hjerteleg:
«I dag har vi kjøpt Teufelsberg!»
Han tek fram eit bilete som han overrekk David Lynch. Biletet forestiller det planlagte universitetet, ei tolv etasjer høg bygning, der ti av etasjene er eit kvitt tårn med gullkuppel. Publikum ler, jublar og klapper i hendene. Men så held Rajaen fram:
«Alt eg kan seie er: Uovervinnelege Tyskland, uovervinnelige Tyskland … Sei det saman med meg: Uovervinnelege Tyskland, uovervinnelege Tyskland.»
Bortsett frå litt nølande, spredt latter, får han ingen respons. Han prøver igjen, fleire gongar. Nokon ropar:
«Kan du forklare dette med 'det uovervinnelege Tyskland'?»
Rajaen svarer:
«Uovervinnelege Tyskland, jau, det tyder eit Tyskland som er uovervinneleg! Eit kvart fotballag ønskjer å vere uovervinneleg.»
«Det ønskte Adolf Hitler også!», er det ein som skrik mot scenen.
«Ja, men dessverre greidde han ikkje det», svarer den tyske rajaen, i det same litt monotone tonefallet. «Vi har teknologien for å bli uovervinnelege, ingen har hatt det tidlegare. Karl den Store hadde det ikkje, Alexander den Store hadde det ikkje. Ingen før oss.»

Dei høyrer ikkje lenger kva han seier. Salen eksploderer i skjellsord, buing og piping. Til slutt blir stemninga så trykka at Lynch føler han må gripe inn. Han går bort til podiet, skyv rajaen til side og legg begge hendene på talarstolen.
«Han øydelegg det du så vakkert har bygd opp,» ropar ein mann.
«Lat meg berre først seie: Eg forstår ikkje tysk,» seier Lynch. «Eg forsikrar dykk om at rajaen berre vil det beste. Han er ein god tyskar, han er berlinar, han er med dykk.»
Schiffgens får podiet tilbake, og held fram med å snakke om at alle land er uovervinnelege, utan at salen roar seg av den grunn. Samstundes får Lynch ei kjapp omsetjing av assistenten sin. Ifølgje tyske Vanity Fair får han denne forklaringa på publikum sitt opprør:
«Rajaen snakkar som Goebbels på ecstasy».
Lynch går tilbake til podiet for å roe gemytta. Han ser alvorlig ut i salen og seier:
«Vi snakkar alle om det same. På eit vis i kveld har denne vakre gåva blitt pervertert. Men vi skal bygge universitetet og halde alle positive.»

Vi veit ikkje noko om dette då vi går inn gjennom holet i gjerdet. Ulinga frå vinden som gor gjennom dei opne hola i bygga skaper eit fullverdig soundtrack. I det høge graset rundt i området ligg det haugar av laust bygningsmateriale som gjennom 90- og 2000-talet har blese ned frå dei forfalne tårna, og på grunn av – den sikkert litt overdrivne – redsla for flygande veggplater i den sterke vinden torer vi ikkje å gå opp dei utvendige trappene. Men vi kan sjå at fleire har brukt dei før oss, sidan delar av veggane og kuplane er dekka av grafitti. Vi går inn i førsteetasjen i eit par av husa, lyser med dei veike mobiltelefon-lysa våre, og prøver å unngå å falle ned i eit av dei mange hola i golvet.
Nokon har sagt at «David Lynch har kjøpt Teufelsberg», det er alt vi veit, men vi tenkjer at det er ein spøk. Etterpå les vi om det i avisene, ser video frå Lynch sin presentasjon i Urania på youtube, og tenkjer at om det ikkje er ein spøk, så er parallellen mellom Hitler og Lynchs stein-nedlegging på Teufelsberg eit godt bevis på Karl Marx' velbrukte devise om at «historia gjentek seg, første gong som tragedie, andre gong som farse». Går det an å vere meir uheldig med retorikken enn Lynch og hans raja på scenen i Urania? Eller var det heile like velregissert som ein Lynch-film? Det einaste som er sikkert er at «velregissert som ein Lynch-film» er fullt dekkande opplevinga av å gå inn i USAs tomme avlyttingsstasjon på Teufelsberg ein kveld i november.

Kjelder:
David Lynch, foundadtion www.davidlynchfoundation.org
The Guardian www.guardian.co.uk/world/2007/jun/19/secondworldwar.germany
Nosedef nosedef.blogspot.com/2007/11/david-lynch-lecture-in-berlin-turns.html
Der Tagespiegel
Die Welt
Tyske Vanity Fair

Etiketter: ,