Tekstanneks

6. august 2007

John Fante: Spør støvet

Litterære fantestrekar



John Fante si kultbok om den ambisiøse og sjølvhatande Arturo Bandini har endeleg kome på norsk.

Roman
John Fante
Spør støvet
Omsett av Børge Lund
Arneberg forlag

1.
Eg hugsar Spør støvet som ei pinleg bok. Eg måtte halde meg for augene og øyrene, utan at det hjalp. Eg måtte lukke boka, legge ho frå meg med framsida ned, putte ho ned i sekken, under ei anna bok, under kameraet, skyve sekken under føtene, under setet, forlate sekken under setet og gå ut på toalettet, gå gjennom vognene berre for å gå gjennom vognene. For eg sat på eit tog, nemleg. Og eg måtte gå tilbake, ta boka opp igjen frå sekken og lese vidare, om den pinlege, patetiske, avskyelege, irriterande, sjølvgode, tarvelege og fantastiske Arturo Bandini, i ei forteljing som kasta seg fram og tilbake og rundt i ring som ein kåt hund på jakt etter noko å parre seg med, kva som helst.

2.
Dei bøkene ein ikkje har lyst til å snakke om, er det dei beste bøkene? Er det dei bøkene ein berre har lyst til å sitere, frå første til siste linje, og føle at det er nok? Medan eg skriv desse linjene, no, inne på kafeen Hubertus Lounge i Berlin, høyrer eg klapringa av hundeklør mot det harde golvet som så vidt eg kan døme er laga av solide eikeplankar. Det er lyden av åtte hundeføter. To hundar hiv seg rundt i rommet, gøyr og glefsar mot kvarandre. Begge er svarte, den eine er liten, den andre er mykje større. Den minste prøver å kome seg opp på den største, men klarer det ikkje, sjølv ikkje då den store tispa stiller seg opp med bakenden i vêret og ventar. Alle kafégjestane ser på opptrinnet og synest det er pinleg og moro.

3.
«Målbevissthetens magre dager», kallar Arturo Bandini det, og tek den trøsteslause skrivinga på kornet. Etter to dagar framfor skrivemaskinen, den lengste innsatsen i livet hans hittil, er det dette som er resultatet: «bare ett ord skrevet igjen og igjen over papiret, opp og ned, det samme ordet, palme, palme, en kamp på liv og død mellom palmen og meg, og palmetreet vant: Se den svaie der ute i den blå lufta, se den knirke så yndig i den blå lufta. Palmen vant etter to dagers kamp».

4.
Spør støvet kom ut første gongen i 1939, og byrjar slik: «Det var en kveld jeg satt på senga i hotellrommet mitt på Bunker Hill, midt i sentrum av Los Angeles.» Hovudpersonen Arturo Bandini er fattig forfattarspire i draumane sin by under depresjonen, han skuldar husleige og må betale eller komme seg ut: «Et digert problem som krevde umiddelbar håndtering. Jeg løste det ved å slå av lysene og gå til sengs». Opninga minner naturlegvis litt om opninga på Hamsuns Sult, men er mindre ordrik, enklare og meir effektiv. Ei førstesetning der ordet «sult» førekjem, finst også her, i Charles Bukowskis forord til 1980-utgåva av Ask the Dust: «Jeg var en ung mann som sultet og drakk og prøvde å bli forfatter.» Alt verka trøsteslaust. Så oppdaga han Fante.

Bukowski hadde overtalt sitt eige forlag, Black Sparrow Press, til å gi ut nye utgåver av Fante sine bøker, som til då hadde vore ute av marknaden og gløymde i mange år. Bukowskis forord, som er gjengitt i den norske utgåva, var med på å sikre John Fante nye lesarar tre år før han døde. «Fante var min gud,» skriv Bukowski.

På si side har Arturo Bandini i boka flykta frå sin katolske Gud og oppvekst, men er villig til å forhandle: «Allmektige Gud, ha meg unnskyldt min ateisme, men har du lest Nitetzsche? […] [J]eg vil spille med åpne kort. Jeg vil gi deg et tilbud. Gjør meg til en stor forfatter, og jeg vender tilbake til Kirka.»

Bandini har allereie fått ei novelle på trykk, og det skal snart bli fleire, men først treng han noko å skrive om, han treng stoff, han treng livserfaring. Spør støvet er ikkje ei bok om erfaring, men om mangelen på erfaring, og det er difor ho er så gjenkjenneleg.

5.
Full fart forover, la meg holde på, ho ho som jeg elsker det, herregud som jeg elsker deg, og deg, Camilla, og deg og deg. Full fart forover, og det føles så bra, så herlig og varmt og mykt, deilig, delirisk. Oppover elva og ut over havet, dette er deg og dette er meg, store lubne ord, så lubne ord, store tynne ord, hei hei hei.

Kven kan skrive så frydefulle og frydefullt snublande avsnitt? Jau, det kan John Fante! Det kan John Fante når han skriv om Arturo Bandini i skriverus. Camilla er servitør på den kafeen der Bandini går for å drikke ein kaffi når han har fem cent i lomma. Som Bandini sjølv er Camilla andregenerasjons innvandrar til USA, han frå Italia, ho frå Mexico. Han blir dregen mot henne, men oppfører seg stadig elendig mot henne. Han er verre di vennlegare ho er, som når han kommenterer dei meksikanske sandalane hennar: «Må du understreke det faktum at du alltid har vært og alltid vil være en skitten liten dego?»

6.
Ein ting: Å vere Arturo Bandini. Ein annan ting: Å godta eller like Arturo Bandini. Kvifor kjem den stakkars Camilla Lopez stadig tilbake til den stakkars Arturo Bandini, og kvifor skyv han henne frå seg på stadig verre måtar? Eg har sett boka bli forklart som ei studie i innvandrarmiljøa og arbeidarklassen sin situasjon i USA under depresjonen, men ho fungerer nok ganske dårleg som det. Dette er og blir historia om Bandini.

7.
Arturo Bandini, den vesle, hovne bleien som det kan verke umogleg å like, men som ein likevel blir øm og nesten litt faderleg, moderleg eller kanskje aller helst androgynt forelderleg overfor. Så sint som ein kan bli på denne figuren, men framfor alt flau på hans vegner, hadde eg ikkje blitt på lenge, tenkte eg der på toget. Ikkje sidan eg leste Rita blir forfatter av Kristine Næss.

Næss sin roman om Rita som reiser til Sverige for å bli forfattar vekte ulike reaksjonar hos ulike lesarar, merka eg meg då han kom i 2002, akkompagnert av alt frå begeistra utrop til lesarar som kasta boka i veggen. Hos meg vekte Næss og Fante mykje av den same blandinga av begeistring og irritasjon eller frykt og avsky, ei blanding eg trivdest minst like godt med som den best tenkelege frukosten si blanding av nyleg rørt blåbærsyltetøy og blåmuggost, og tanken slo meg at Kristine Næss sjølvsagt hadde lest Bandini-bøkene. Om Næss si bok er ei endå litt betre eller endå litt dårlegare bok enn Spør støvet, anar eg ikkje: Begge er slike som gir meg lyst til å kaste alt som heiter dømmekraft ut gjennom vindauget på ein bil i stor fart over ei bru.

Då eg kom fram mot slutten av Spør støvet blei eg likevel for ei heil stund ganske sikker i saka. Bandini får eit telegram frå forteljinga si femme fatale, Camilla, der ho skriv under med eit dekknamn: Rita. Eg tenkte meg at ikkje berre Bandini, men altså også Rita blei forfattar. Det berre tok 63 år.

8.
Det gir ein eigen effekt å lese Spør støvet av John Fante samtidig som ein les til dømes Bob Dylan sin Chronicles I, det oppdaga eg i desember 2004. Eg leste delar av begge på toget mellom Warszawa og Kraków. Først lærte eg meg å bestille øl, vodka og togbillett på polsk, og dessutan å seie takk og versågod, så kjøpte eg ein billett til Kraków. Det var gode tider, eg hadde god økonomi, eg var nemleg på forretningsreise, så eg valgte første klasse, som viste seg ikkje å la seg kombinere med ikkje-røyk. Eg hadde kjøpt eit kyllingsmørbrød som eg tok opp då eg hadde funne plassen min i kupeen av den gamle typen: to gonger tre seter mot kvarandre og eit lite bord ved vindauget, slik ein del av meg hadde trudd ein berre fann det i filmar og bøker. Samtidig med at eg pakka ut smørbrødet, pakka den gamle mannen ved sida av meg ut ei pipe som han tok seg god tid med å fyre opp. Kroppen til denne mannen og det han hadde i hendene ga frå seg ei sterk, bitter, gjennomtrengande lukt. Smørbrødet i fanget mitt tok denne lukta opp i seg på den same ambivalente måten som Dylan og Bandini i løpet av dei nærmaste timane med lesing tok byen opp i seg, tenkte eg, men først etter mange mil, då den vesle, grålige kvinna rett andsynes meg forbarma seg over oss alle saman, opna den øvste delen av vindauget så vidt som mogleg og gav oss ein smak av iskald, polsk landsbyluft. Og Dylan, kva har han med dette å gjere? Det er den unge ambisiøse i ein framand by – vi har Rita i Stockholm, Arturo i Los Angeles og Bob i New York. Sistnemnde så forelska i alt han ser, tilsynelatande uendeleg mottakeleg for inntrykk. Tilsynelatande kvar augneblink klar til å bli slått i bakken av ei ny plate, ei bok, ei gammal plate, ein malar, ein kunstnar eller ei jente på sytten, alt dette utan å bli patetisk på nokon måte, berre seriøst utforskande og klar for å bli utforska. Hos John Fante og Arturo Bandini blir scenen komisk, samstundes både ærleg og parodisk. Den unge mannen i ein stor by møter ein prostituert, avslår forvirra tilbodet hennar, og lagar umiddelbart litteratur av opptrinnet:

«Hva sier du, kjekken? Har du lyst til å hygge deg litt?»
Den djerve elskeren, djerve og freidige Bandini.

«Næh,» sa han. «Nei takk, ikke i kveld.»
Han skyndte seg av gårde, forlot henne der hun sto og så etter ham og sa ord han gikk glipp av i flukten. Han gikk et halvt kvartal. Han var glad. Hun hadde i det minste spurt ham. Hun hadde i det minste gjenkjent ham som mann. Han plystret en melodi i rein og skjær nytelse. Mann på gaten gjør universell erfaring. Kjent forfatter forteller om natt med gatekvinne. Arturo Bandini, berømt forfatter, avslører sine erfaringer med Los Angeles-prostituert. Kritikerne hyller bok som beste noensinne.


Og så vidare, inn i fantasien om intervjuet ved avreisa til Sverige for å ta imot Nobelprisen.

9.
Tispa på kafeen er ute av syne. Den vesle hunden har gitt opp. Han ligg borte i eit hjørne med hovudet nede på golvet. Men magen hevar og seinkar seg litt meir enn på ein hund som slappar av. Han slappar ikkje av. Han pønskar på noko.

Eg noterer eit spørsmål i ei skriveblokk: Er det for seint å lese Fante no? På linja under skriv eg: Berre for dei som ikkje dagdrøymer lenger.

Spør støvet er den andre boka John Fante skreiv om Arturo Bandini, av til saman fire. Allereie i 1940 omsette Johan Borgen den første boka, Vent til våren, Bandini. Eg håper det ikkje tek like lang tid før dei to siste bøkene kjem, sjølv om Spør støvet uansett er den beste. Og Børge Lund si omsetjing på Arneberg Forlag har kome seint, men veldig godt. Lund har lagt seg tett opp til originalen, og skriv eit friskt, radikalt bokmål. Det kjennest verken som å lese ein utvatna eller ein oppsprita versjon av originalen, slik eg av og til fryktar at omsetjingar skal vere. Eit par skjemmande feil viser rett nok at dei involverte kunne ha lagt seg litt betre i selen: På norsk er det komma som er desimalskiljeteikn, ikkje punktum som her, og boka brukar gjennomført gåseauge som hermeteikn, noko som ikkje høyrer nokon stader heime i norsk typografi. Bortsett frå dette, og elles ei lita handfull typografiske lyter som mange norske bøker rett nok har felles, er det ei fin bok, der ho ligg på kafébordet.

10.
«Så kom igjen, Bandini – finn ditt hjertes begjær, finn lidenskapen din slik den er beskrevet i bøkene. To mennesker i et rom, en av dem er kvinne, den andre er Arturo Bandini.» Kanskje les ein ikkje Fante for å få dei nye eller store innsiktene, men det er heller ikkje poenget, sjølv om han nok blir betre jo tidlegare i livet han blir lest. Bandini si veksling mellom å fortelje om seg sjølv i første, andre og tredje person gjer han i stand til å vri og vende på sin eigen posisjon og skape seg sjølv i sitt eige bilete. Uansett kor pinleg og patetisk det heile er, blir det alltid litteratur, alltid pinleg og moro. «[H]un kunne hyle hvis hun ville, for Arturo Bandini var ikke homo, det var ingenting feil med Arturo Bandini; ja, han hadde lidenskap som seks menn, den gutten […] en mektig forfatter, en mektig elsker, hjemme i verden, hjemme i litteraturen.»

Etiketter: ,