Tekstanneks

29. juni 2007

Robert Reed Flatjord: Edward Nansen

Stykkevis og heilt


Snusfornuftige innvendingar duger ikkje mot ein så frydefull og rik roman som Edward Nansen.

roman
Robert Reed Flatjord
Edward Nansen
N.W. Damm & Søn

Edward Nansen er den første boka til Robert Reed Flatjord og det skulle ein ikkje tru, sjølv om boka har mange kjenneteikn på nettopp å vere ein god debut: Overskot, fantasi, respektløyse og ei søkande, fruktbar retningsløyse som ikkje gjer dette til ein perfekt roman, men kanskje til eit desto friskare stykke litteratur. Ein kan merke at forfattaren har hatt det moro då han skreiv denne boka, og det har ikkje blitt gjort for store innstrammingar for å øydelegge moroa.

Edward Nansen har fått jobb som nattevakt i eit kontorbygg. Han kjeder seg og lengtar etter den jobben han hadde før, då han klipte plen for kommunen. For ikkje altfor lenge sidan har han flytta inn i ei leilighet for seg sjølv, for første gong. Edward har ikkje lett for å takle livet, han er ein slik som gir folk «medfølelse i blikket» og som broren Otto heile livet har teke seg av og beskytta. Edward er femti år. No har han fått denne lite utfordrande jobben som nattevakt, han kjeder seg og det endar med at han byrjar å skrive.

Hestemedisin. Tekstane framstår altså som førte i pennen av Edward. Han har eit blikk og ei formuleringsevne som er altfor gode til å vere sanne i forhold til den han er i boka. Men ei slik snusfornuftig invending bit ikkje her, for kven veit kva som har gjort den livsudugelige Edward Nansen i stand til å til å skrive desse tekstane? Vennen Lukas jobbar i ei kebab-sjappe. Som sidegeskjeft sel han ukurante parti med pillar berekna på dyr, til den vesle, men trufaste kundekrinsen av delvis dysfunksjonelle individ som befolkar denne boka. I det Edward set seg ned for å skrive har han både hestefødselsmedisin og eit anna medikament med ukjend verknad innabords.

Vi får høyre om oppveksten i ein rik familie der faren i vanvare skyt hushalderska og aldri blir den same igjen, om nevøen David si eventyrlege reise til lokalbussen sitt endestopp, om Lukas som lovar søstra brystoperasjon viss ho vil flytte heimanfrå, om livet på ein klinikk for plastisk kirurgi, om Edwards møter med døde slektningar andre vrangforestillingar, og ein heil del om livet blant langtidsbuarar på ein campingplass. Det viktigaste navet i forteljinga er Edwards draum om å få kontakt med den ti år gamle son sin som han ikkje har sett sidan han var ein raud og rynkete liten baby.

Stykkevis. Strukturen i boka er oppstykka. Ein kan kanskje seie at dette er ein roman konstruert av 79 gode romanopningar. Det tyder ikkje at boka er usamanhengande, men lesaren befinn seg ofte i den litt usikre sonen som pregar opninga på ein tekst, før situasjonar og personar blir skikkeleg etablerte. Det oppstykka, det faktumet at hovudpersonen heiter Nansen og – av alle ting – fargane på omslaget, gir assosiasjonar til Jan Kjærstads Forføreren og trilogien om ein annan litterær figur med nasjonalikonisk etternamn, Jonas Wergeland. Men Edward Nansen har ikkje ambisjonar om å vere nokon helt – sjølv om han har ambisjonar om å vere ein far – og han har ikkje nokon magisk penis, tvert imot. Boka har nok meir til felles med det herleg tøysete og anekdotiske 1700-tals-verket til Laurence Sterne, Herr Tristram Shandys liv og meninger, sjølv om Edward Nansen naturleg nok er litt mindre barokk i stilen.

Saman med den sjølvironiske og metaforrike forteljarstemma skaper den stykkevise strukturen ein framandgjeringseffekt som motarbeider innlevinga og det «reint» episke ved romanen. Prosjektet kunne falt pladask dersom ikkje Flatjord hadde hatt eit uvanleg talent for å kondensere personar og situasjonar ned til treffande formuleringar, god sans for humor og detaljar, i tillegg til ei rastlaus vilje til heile tida å ta historia eit steg vidare. For å bruke ein metafor som kunne ha passa inn i forteljinga: Flatjord sin prosa er ein turbo-lada grasklippar som både kan sveipe over dei store flatene og ta seg av den finare kantklippinga. Gleda ved å sjå eit slikt maskineri i aksjon, gjer det mogleg å oversjå eit par problem med det endelege resultatet.

Etiketter: ,