Tormod Haugland: I den sjette verda
«Ei verd der alt kan skje»
Om I den sjette verda og dei andre romanane til Tormod Haugland
Roman
Tormod Haugland
I den sjette verda
Forlaget Oktober 2005
Då eg leste dei første romane til Tormod Haugland følte eg at eg oppdaga noko om lesing som eg ikkje hadde oppdaga før. Eg leste Under (1994), Varmare (1995) og Heller (1997) fort, eg følte at det var måten dei skulle lesast på, og at den raske pauselause lesemåten hadde noko med denne oppdaginga å gjere. Det eg tenkte, eller innbilte meg at eg hadde oppdaga, ytra seg som ei meiningsutveksling. Ei fiktiv meiningsutveksling, det skal seiast, ein samtale som enno ikkje er avslutta, men som heller ikkje, om eg skal vere heilt ærleg, byrja då. Det hadde nok allereie gått føre seg ei stund, men når vi skal skildre historia gjer vi det ofte i sprang, og den augneblinken då noko kjem til uttrykk blir ofte tolka som ei årsak i seg sjølv og ikkje ein konsekvens av noko anna. No skal vi skildre historia, og vi skal gjere det i sprang. Eg sat bak disken til Nynorsk Antikvariat i Fjærland, den norske bokbyen Fjærland, det var den kalde sommaren 1999, det kunne ta ein time mellom kvar kunde, dette er historie, og eg leste tre bøker av Tormod Haugland. Eg gjorde det fort, eg gjorde det på ein dag, eg gjorde det på tre timar.
Ikkje set deg ned på stolen. Eg lyg, eg hugsar ikkje om eg leste desse bøkene på ein dag, og truleg på meir enn tre timar, men det var eit sprang, og eg byrja på ein samtale med meg sjølv, eller eg oppdaga ein samtale som allereie gjekk føre seg i hovudet mitt utan at eg visste det. Eg forstod at eg måtte ta denne diskusjonen ut under open himmel.
Eg konstruerte meg ein god stråmann som eg kunne kritisere. Denne stråmannen hadde den oppfatninga at Tormod Haugland skreiv realistiske romanar. Stråmannen stod ute i ei grøn skråning i Fjærland og sa høgt: «Tormod Haugland skriv romanar som er stramme, lågmælte, realistiske, minimalistiske, med ei observerande, refererande stemme som skriv det som skjer på ein stad i eit visst tidsrom. Romanane er gode, for all del, men dei er ikkje så spennande.» Eg likte ikkje det denne stråmannen sa, sjølv om det var greitt at han sa det høgt, så eg kunne ta til motmæle. For dersom han hadde rett, korleis kunne det då ha seg at eg syntest desse romanane var spennande? Lesaropplevinga var oppjaga, eg ville vite kva som skjedde vidare, og difor måtte eg bla om og lese det som stod på den neste sida og den neste, og så bortetter. Romanane til Tormod Haugland som klassiske page-turners? Det var opplevinga mi. Sjølvsagt var dei ikkje bygde opp som spenningsromanar, men nettopp det var kanskje ei av årsakene til denne opplevinga av å oppdage noko. Skrivemåten gjorde at eg ikkje visste kva eg skulle forvente av bøkene, men det var likevel lett å lese. Reint teknisk hadde Haugland dermed kome opp med løysinga på eit problem eg ikkje kunne vere åleine om å ha i 1999, nemleg at bøker eg ikkje visste kva eg skulle forvente av ofte blei opplevd som vanskelege å lese. Ein bonus eller ei hovudsak var at desse forteljingane fekk meg til å oppdage enkelte av dei forventningane eg vanlegvis hadde til litteratur. For å ta eit banalt eksempel: Eg kan hugse at ein av personane i debutromanen Under gjekk rundt med eit gevær i handa. I denne skrifta var dette geværet å rekne som ein meir eller mindre tilfeldig rekvisitt, tenkte eg, for han brukte det jo ikkje til noko, eller det fekk ikkje dei konsekvensane som ein vanlegvis forvente dersom ein forfattar bestemmer seg for å plassere eit gevær mellom hendene til ein karakter. Slik var det òg med alle dei andre tinga, karakterane og utsegnene i denne litteraturen. Dei var på ein måte stilt ut, dei stod fram så tydeleg, og tydde ikkje det eg forventa at dei skulle tyde. Eg tenkte at dette gjorde mine eigne forventningar til forteljinga så tydelege, og fortalde meg noko om måten eg strukturerte den daglege meiningsskapinga på. Samtidig var brotet diskret, som ein stol som bryt fullstendig saman når du set deg på han fordi det viser seg at nokon forsiktig har saga han i om lag seks hundre bitar, og så nitid plassert bitane saman så det ser ut som ein heil stol.
Tor utan mod. «Det som på overflata ser ut til å vere eit forsøk på ei ’rein’ skrift, er i realiteten ein slu leik med lesaren sine fordommar,» sa eg. Stråmannen innvende der i utkanten av kålåkeren at eksemplet eg brukte nok var for enkelt, og sjølv den simplaste spenningsforfattarar veit å leike med lesaren sine forventningar. Det kunne vere, sa eg, men realistisk litteratur er dette i alle fall ikkje.
Eg heldt fram: Dersom desse romanane er realistiske, er det berre i den daglegdagse eller byråkratiske tydinga av ordet, knytt til verbet ’realisere’. Romanane er realistiske viss dei er svaret på økonomen eller politikaren sitt spørsmål, «kva er realistisk?» Og kva slags andre tydingar av ordet realistisk kan vi dessutan operere med utan å vere djupt problematiske? Stråmannen sa at eg nok ikkje ville kome så langt med å fornekte at det finst noko som heiter realismetradisjon, og at eg var litt vel poststrukturalistisk i hovudet.
«Kan vere, men det er forståeleg, vi må hugse at dette berre er 1999. Verda kjem til å sjå annleis ut om seks år,» sa eg. Og eg fekk rett. Verda ser annleis ut, akkurat som eg såg føre meg i 1999. I mellomtida leste eg dei andre bøkene til Haugland, og det skjedde noko, også med denne litteraturen. Verd (2000) er ein absurdistisk idyll av ein kvardagsroman. Her leikar forfattaren med det banale og begeistra, i ei rørande forteljing med ei ung jente i hovudrolla, saman med ein bestefar og ei blomsterforretning som skapar glede og varme i eit lokalsamfunn.
Inkarnasjon (2004) er ein utprega litterær roman, full av diskusjonar om litteratur. Grepet Haugland gjer i Inkarnasjon har eit fjernt slektskap med Stig Larssons Komedin I, frå 1991. Den då 34-årige Larsson projiserte seg sjølv inn i framtida, og sette seg i scene som den fallerte, patetiske og perverse 60-årige forfattaren Stig, i eit dystopisk framtids-Sverige fullt av vald og pornografi. Tormod Haugland si iscenesetting av ein åtte år eldre forfattar manglar halve førenamnet: Han er Tor utan mod, ein sky og tilbaktrukken forfattar. Han har mista motet. Tor Iden, som han heiter, er ikkje nasjonalt orientert som Larssons antihelt, men lokal. Han har sitt eige landskap, ei verd han kjenner, avgrensa i utstrekning, men rik på idear og tilstandar. Som med dei andre bøkene til Haugland, gir Inkarnasjon ei sterk kjensle av å vere til stades saman med personane i boka, i den same tida, på den same staden, medan personane samtalar, drøymer, blir sjuke, og – ikkje minst – festar.
Kva så med I den sjette verda?
Endeleg noko om I den sjette verda!
Reine ord for pengane. I den sjette verda er den sjette romanen til Tormod Haugland, og det er ei underleg bok på fleire måtar, både formmessig og innhaldsmessig. Ho skil seg ut ved å vere endå meir dialogdriven enn dei tidlegare bøkene, og dessutan ved ikkje å ha eg-forteljar. Innhaldsmessig manglar det ikkje på kjærleik og kjønnsdrift, men hovudsakleg er dette noko så originalt som ein roman om samfunnsøkonomi.
Vi møter Trygve Karlsson, «36 år, eigedomsmeklar», og Dankert Valden, «42 år, eigedomsmeklar». Dei snakkar. Dette er ikkje ein roman om folk som ikkje snakkar saman. Tvert imot: Det er ein roman der folk snakkar mykje, heile tida, særleg Dankert Valden. Valden er ein pratmakar utan sidestykke i norsk litteratur, og dei samtalane desse eigedomsmeklarane har ligg langt frå dei samtalane eg høyrer med det indre øyret mitt medan eg ser på bileta av eigedomsmeklarar med blå dress i avisreklamene eller bakpå bussane. Men kva veit eg, når det kjem til stykket? Visst er desse meklarane også opptekne av økonomi, men på kva måte? Karlsson kommenterer i byrjinga at landskapet dei går inn i er fint, men kollegaen hans kan ikkje sjå det på den måten:
Valden:
– Jo, men eg meiner at det å sjå eit landskap ikkje berre er knytt til landskapet sin utsjånad. Å sjå har med syn å gjere, ikkje sant. Eg meir oppteken av kulturen enn av naturen, eg er oppteken av punktet der desse to møtest, i økonomien, og mitt tilhøve til spørsmålet om naturen er fin eller ikkje har å gjere med kva vilkår den legg for økonomien. (Haugland 2005: 7)
Reinare ord kan ein vel ikkje få for pengar. Økonomien er punktet der kulturen og naturen – etikken og estetikken – møtest, og dette er på sett og vis heile innhaldet i denne romanen. Det tyder ikkje at det er enkelt, for korleis skal dei møtest, og kva tid kan det skje?
Handlinga i boka speler seg ut i løpet av ein dag, men det er ein dag rik på hendingar. Trygve Karlsson og Dankert Valden og kjem til sistnemnde si heimbygd. Tilsynelatande kjem dei for å ta meklaroppdrag, men «tilfeldigvis» svingar Valden innom kapellet der familien hans er samla over kista til faren, som altså nyleg er død. Seinare dreg Valden den desorienterte kollegaen med seg for å møte andre personar frå fortida, og radarparet rekk både å prøve seg som hogstmenn og privatdetektivar, før historia endar med eit crescendo som involverer Valden si ekskone og nye sambuar, den gamle og den nye lensmannen, ordføraren og mange andre.
Dankert Valden er ein rømling. Han forlèt bygda nokre år tidlegare og lèt etter seg kone og ei dotter. Først no, med desse innsiktene på plass, og med ein symbolsk og konkret kontroll på økonomien, kan han kome tilbake. Og det blir litt av ein tilbakekomst. Med økonomien som midtpunktet i ei den kvernande filosofiske talestraumen sin, har Dankert Valden blitt ein utopist, ein som heile tida har auge for dei ytste ting.
Valden er også namnet på staden han kjem tilbake til, eit ekko av Henry David Thoureaus Walden. Som Walden prøver historia om Valden å gjere greie for «Where I Lived, and What I Lived for» (tittelen på kapittel 2 i Walden) – i den rekkefølgja. Valden prøvde også – før han reiste vekk – å konstruere tilveret sitt ved å bygge seg sin eigen heim. Ikkje ei lita hytte som Thoureau, men eit stort hus. Halvvegs i bygginga mister han interessa for det. Det lokaliserte var ikkje nok for han, han trengde også det motsette, det delokaliserte, og det er her meklinga kjem inn. Eigedomsmeklaren som filosof:
Valden:
– I denne samanhengen finst det to motsette drivkrefter i det ein kan kalle den menneskelege natur, den eine er å bryte opp, kome seg av stad, og den andre er å slå seg ned, å finne ein heim. [...] Det å bu, ikkje sant, vere inne i noko, i kontrast til det å kome ut, vere utanfor, vi vil alltid vere fanga i denne motsetnaden, og det er det vi lever av. (s. 73)
Stilisert skrift. I den sjette verda er ei svært stilisert form for skrift. Dialogføringa til Valden minner om den pedantiske, nesten maniske hovudpersonen i Den anarkistiske bankier av Fernando Pessoa, men Haugland har i dette tilfellet eit meir skjønnlitterært og mindre cerebralt prosjekt. Dei svevande, ustoppelege samtalane i I den sjette verda skaper ein kontrasteffekt i høve til dei kvardagslege situasjonane, og tankane mine blir ført meir i retning av litt nyare amerikansk independent-film. Talestraumen blir stemningsskapande: Stilisert, stilleståande og fabulerande som Hal Hartley i filmane The Unbelievable Truth (1989) eller Henry Fool (1997), til dømes. Andre gongar er det meir småpratande og nonchalant som Jim Jarmusch i Smoke (1995) eller Coffee and Cigarettes (2003).
Ofte tippar det over i det fullstendig absurde, som då Valden står over kista til den døde far sin og seier: «Døden er heilt på grensa, det er noko å tenkje på, ikkje sant» (s. 16). Han held så fram med ein lang, reflekterande monolog om døden, med setningar som «døden får oss til å sjå at vi er dødelege, at vi er dårlege» (s. 17). Valden legg ingen band på seg når han kjenner uttrykkstrongen. I ein av samtalane kjem han til og med fram med eit sjølvskrive dikt:
Valden:
– Eg kjenner jorda under mine føter. Den rører seg stille i naturen. Eg går som i eit vatn var. Svar meg, er det der ein ball i lufta mot det grøne. Som eit stadion fell det flate ned over meg og gjer meg plan og mark. Farvel makt. (s. 90)
Der tinga i dei tidlegare bøkene til Haugland verka plasserte inn eller stilte ut i kvar sine montrar, blir dei no reflekterte inn av eit aktivt medvit, inn i ein samanheng. Det som kjem frå springen, til dømes, er her «vatnet [...], denne blanke veska som kan ta opp i seg så mange element» (s. 32). Alt blir vurdert og knytt til (bruks)verdi, men ikkje nødvendigvis den mest openberre verdien. Valden kan til dømes kome til å seie ting som at «senga vår har ikkje anna tyding for oss enn den vi legg i den» (s. 74). Sjølv om Valden til tider kan verke som ein håplaus utilitarist som ikkje ser andre verdiar enn dei som kan realiserast, dreg han samtidig tale- og tankestraumen sin så langt at han nærmast ikkje kan unngå å sjå perspektiv som er langt meir ytterleggåande.
Økonomien er det samlande punktet, men kva er det eigentleg som skal samlast? Svaret formar seg sakte som ein uklar utopi om menneskeleg fellesskap. Han tek til å samle dei lause trådane han ser rundt seg: Han har kome til bygda som eigedomsmeklar, men no vil han flytte heim, og ha familie og samfunn rundt seg. Med den maniske insisteringa som held det gåande gjennom heile boka, kan han klare det, trass i alle hindringane han møter?
Dramatikken nærmar seg etterkvart eit satirisk nivå. Vi får møte Ragnar Øgrim, den utilreknelege nye sambuaren til Valden si ekskone, Hjørdis. På eit tidspunkt stengjer han Valden, Karlsson, Hjørdis og onkel Henry inne i ein kjellar. Men i staden for å bli desperate, som ein vel kunne vente, prøvar dei å finne eit mål og ei meining i det heile som ser ut over og forbi den den småkriminelle Ragnar Øgrim. Valden seier mellom anna dette:
Valden:
– Vi er svært nære der vi ikkje vil vere, samstundes som vi er svært nære der vi vil vere. Vi er i ei verd der alt kan skje. (s. 147)
Før eg går vidare må eg kome med ein liten ekskurs. Veka før eg las boka, var eg ein tur i hovudstaden. Eg måtte ta drosje for å kome dit eg skulle, og kom i prat med sjåføren. Vi prata om litteratur og røyndom.
Ein ekskurs om litteratur og røyndom. «Det har alltid interessert meg, dette, spørsmålet om tilhøvet mellom litteratur og røyndom», sa taxisjåføren.
«Verkeleg?» spurte eg.
«Nei. Eg køddar», sa han, og lo godt.
«Men kva er eigentleg skilnaden mellom litteratur og røyndom?» spurte eg.
Han kremta.
«Det vel om lag som å spørje kva som er skilnaden mellom makken i eit eple, og eplet.»
«Interessant», sa eg.
«Altså eit dumt spørsmål. Høyr her», sa taxisjåføren. «I røyndommen kan kva som helst skje, ikkje sant?»
«Jo», sa eg, «det er vel kanskje sant».
«Om vi ser vekk frå naturlover, som ein aldri kan bli heilt einige om, og statistikk, som alltid lyg, så kan kva som helst skje. Du trur det kanskje ikkje, men du blir minna på det kvar dag, av ting du opplever, ser eller høyrer, som du vel utan vidare oppfattar som verkelege. Ikkje sant? Det er jo heilt sjukt, når vi tenkjer på det, alle ting vi høyrer frå den eine eller den andre verdskroken, og i morgon kan vi alle vere døde. Ikkje sant?»
«Eh, jo», sa eg.
«Så har vi slått det fast. Røyndommen er ein stad der kva som helst kan skje. Det er punkt ein. Punkt to: viss eg sa at ’Litteraturen er ein stad der kva som helst kan skje’, ville det tyde noko heilt anna enn i punkt ein, ikkje sant? Du kan til dømes tenkje: ’Ja, litteraturen er ein stad der det kan hende ting som ikkje hender i røyndommen!’ Men så, rett etter at denne tanken er tenkt, kjem reservasjonen: kan kva som helst skje i litteraturen, og ønskjer du at kva som helst skal skje i litteraturen? Blir nemleg ikkje litteraturen bunden av denne motsetnaden, at det ’kva som helst’ som kan skje i litteraturen er eit anna ’kva som helst’ enn det som finst i røyndommen? Kanskje vi kan slå fast at den røyndommen som finst i litteraturen på mange måtar er meir bunden enn den vi finn i den verkelege røyndommen. I alle fall er det slik eg opplever det.»
«Det er vel slik ein vil ha det då?» seier eg.
«Korleis då?»
«Det er vel slik, då, at ein gjerne vil ha ein meir bunden røyndom. Det kjennest kanskje tryggare slik.»
«Då er spørsmålet kvifor folk i det heile skriv fiksjon? Det finst vel nok av verkelege ting å ta av?»
«Ja, det har du rett i. Men det er ikkje så enkelt. For eg kan jo ikkje berre ’ta’ ein verkeleg ting. Eg kan ikkje berre ta dette bilsetet ditt her, til dømes, og plassere det i ei bok. Det ville ikkje vere plass! Det ville bli ei stor og uhandterleg bok, i så fall. Skal eg skrive, så blir det sjølvsagt på skrivinga sine premiss. Det finst sikkert like mange måtar å transformere dette bilsetet til skrift på, som det finst ting eg kunne funne på å skrive om i staden. Spørsmålet om det hadde opphav i noko verkeleg, blir dermed mindre viktig.»
«Heilt utan relevans?» spurde taxisjåføren.
«Nei, det blir berre mindre viktig, for meg i alle fall. Estetisk sett snakkar vi kanskje om den dokumentarisk effekten. Og for å oppnå den dokumentariske effekten, må eg få lesaren til å tru at det som hender verkeleg har hendt. Og då blir jo røyndommen på sett og vis endå meir bunden, blir han ikkje?»
«Er du sikker på det?»
«Ok. Lat oss seie at dette er ei dokumentarisk forteljing. Det første lesaren veit, er at eg har overlevd møtet med dette bilsetet og med deg, og kan fortelje om det. Berre dét gjer forteljinga ganske lukka, gjer det ikkje?» sa eg.
«Det kunne jo vere at det var eit særs spennande og spesielt møte.»
«Sjølvsagt.»
«Det kunne jo vere at det var heilt essensielt for deg å få fortalt til verda kva eg sa og gjorde.»
«Ja, men i det eg gjorde det, hadde eg allereie transformert deg, på den eine eller andre måten, etter kva slags form eg hadde valt.»
«Ok, greitt. Vi kan ta det ned på eit anna plan. Eg burde visst det, at det er farleg for ein taxisjåfør å overvurdere passasjerane sine. Ok: Makken er i eplet, men han kan også ete heile eplet, ikkje sant, i alle fall i prinsippet, om du gir han nok tid.»
Eg kremta.
«Og om han vil, kan han sanneleg ta fatt på eit nytt eple, om det førre skulle byrje å rotne, ikkje sant?»
«Eh, joda», sa eg.
«Ok, no er vi framme», sa taxisjåføren.
«Verkeleg?» spurde eg. «Er vi verkeleg framme?»
«Kvifor kan vi ikkje berre snakke ut?» Eg syntest at taxisjåføren hadde gjort ein interessant observasjon då han sa at røyndommen ein finn i samtidslitteraturen var meir bunden enn den verkelege røyndommen, sjølv om eg ikkje var heilt sikker på kva han meinte med det.
I den sjette verda blir dregen mellom det tilfeldige og det styrte, den banale utsegna og og den intelligente, det føreseielege og det ufereseielege. Personane strevar mykje med å legge meining inn i det dei ser, og nokre gongar står i fare for å slutte å vere personar og gå over til å bli fragmenterte, vandrande essay. Men dei reddar seg trass alt ved ofte å vedkjenne seg dei kroppslege, og det er langt ifrå ein rein idéroman, dette:
Valden:
– Vi må ha ein plan.
Karlsson:
– Planen er å få seg ei øl på kroa. (s. 148)
All praten til Valden har også eit menneskeleg aspekt. «Kvifor er vi så forsiktige? Kvifor kan vi ikkje berre snakke ut?» (s. 27) spør han. Ironisk nok får han det same spårsmålet slengt tilbake av Hjørdis litt seinare: «Du er den same, Dan, du snakkar i generelle vendingar. Kvifor kan du ikkje berre snakke rett ut?» At det er mogleg å snakke rett ut er ein illusjon, ein draum dei heile vegen prøver å leve opp til, sjølv om Valden etterkvart innser at talestraumen er noko som har teke over for identiteten hans, i staden for å skape han, og at «å snakke lite er sikkert ein bra måte å hugse kva ein seier på».
Der dei tidlege bøkene til Tormod Haugland var fulle av det urealiserte, blir dei no stadig meir fylte av det realiserte. Dette er ei slik bok det oftast er betre å sitere frå enn å parafrasere:
Karlsson:
– Av og til løner det seg å opne opp.
Valden:
– Nettopp. Vi skal opne opp. Eg ser for meg at vi vil møte lukka dører, men vi skal få dei opp, Karlsson, vi skal få dei opp. Om det så vil koste blod.
Crescendoet på slutten av denne boka det er festlegare no, meir intenst enn i dei føregåande bøkene. Er det også mindre opent? Det er i alle fall opent på ein annan, og meir eksplisitt overskridande måte enn tidlegare. Dette er ei manisk og viljestyrt bok, og det kan hende at det er difor eg nokre augneblinkar tek meg i å sakne det sårbare elementet frå til dømes Heller. Karakterane gjer seg så uangripelege, med all denne viljen som veltar ut over sidene. Men det er ein sjanse dei må ta for å kome ut av det uføret dei er i.
Klarer dei å «opne opp»? Henry David Thoureau ser på menneska rundt seg og blir slått av kor styrte dei er av samfunnet. Livet blir eit meiningslaust steg på veg mot det uunngåelege: «Why should they begin digging their graves as soon as they are born?» (Walden, s. 3) Viljen til karakteran i I den sjette verda stammar frå den same typen livssyn, ei vilje til å tenkje gjennom verdiane sine, men i staden for å fiksere denne viljen inn i eitt ideologisk eller religiøst system, assosierer dei i alle retningar, som små, tynne, veivande lysstrålar frå lommelykter i eit mørkt landskap.
Vagant nr. 4/2005
Etiketter: bokmelding, roman, Tormod Haugland
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home