Marita Fossum: Kjære gjetergutt
Leseverdig oppvekst
Marita Fossum skriv utan store fakter om velkjende motiv, men klarer å gjere det meste i boka djupt truverdig.
Av Øystein Vidnes
roman
Marita Fossum
Kjære gjetergutt
Oktober
Med Kjære gjetergutt tek Marita Fossum eit steg i retning det ein med eit lite lygekors på venstrehanda kan kalle den sentralprosaiske norske romanen: Det er oppvekst, det er sommar, det er familie og ikkje minst eit underliggande alvor, knytt til død og vaknande seksualitet. Men Fossum balanserer og manar fram motivet sitt på ein måte som gjer det til ei god leseoppleving, og dessutan rett og slett ei klok bok.
I dei tre første bøkene sine, mellom desse brageprisvinnaren Forestill deg frå i fjor, lykkast Marita Fossum å handtere alvorlege emne på ein direkte og liketil måte, utan store fakter, men òg levande, omsorgsfullt. Ho viser menneske i situasjonar som samtidig både er tvers gjennom kvardagslege og fylte av ei kjensle av at alt står på spel. Slik er det òg i denne romanen.
Hundedrap. Opninga er klassisk, kanskje litt for klassisk: «Hunden til Mille er død. Den har blitt slått i hjel med en øksehammer. Det var far som gjorde det.» I den grad dette er ei forteljing som har – eller treng – ein motor, er det dette, at faren til åtte og eit halvt år gamle Mille kunne gjere noko slikt, drepe hunden hennar, attpåtil dumpe han i søpla, og heller ikkje vere mann nok til å vedgå ugjerninga etterpå. At boka opnar med eit hundedrap bringer tankane mine til Jon Fosse si forrykande novelle «Og så kan hunden komme» frå To forteljingar, ei hemnforteljing der alt handlar om korleis hovudpersonen skal drepe han som har drepe hunden hans. Det er gjennom det nakne, monomane raseriet vi blir kjend med eg-personen, det er det som gjer han tydeleg. Eit slikt raseri finn vi forståeleg nok ikkje i Kjære gjetergutt. I staden blir vi vist barnet si vaklande handtering av ei eintydig vond eller blind handling (hundedrapet) frå ein person (faren) som ikkje kan forståast som eintydig vond, uansett kor mykje ho prøvar, understøtta av storebroren Felix. For hemnmotivet dukkar opp her òg. Mille fortel broren om hunden:
«Vi må ta hevn,» sier Felix og drar fingrene gjennom håret, «øye for øye og tann for tann.»
«Hva betyr det?» spør hun.
«Det betyr at vi må ta livet av far.»
Oppsummert på denne måten, ser det kanskje ut som at vi har å gjere med ei veldig symboltung forteljing, men om det stemmer, så blir dette tunge naturleg plassert og forankra i det kvardagslege på ein slik måte at det blir truverdig og gjer desto større inntrykk.
Vaksne tankar. Det manglar ikkje på konfliktpotensiale i den familien vi møter. Far har eit alkoholproblem, mor har sukkersjuke og verkar kontrollerande, eldstesøstera lid av pubertetskeisemd (alvorleg nok!), broren er ein ekstraordinært kunnskapsrik trettenåring, men seier sjølv at «[h]vis han ikke hadde vært så smart ville han blitt sendt på spesialskole på grunn av oppførselen». Då er det kanskje ikkje så rart at yngstesøstera på tre skrik seg til å få ein skvett vin i glaset ved middagsbordet, eller at Susanna, ein rekonvalesent frå ei psykiatrisk avdeling, som familien tek til seg, verkar som den mest problemfrie av dei alle.
Baksida av boka fortel at handlinga er lagt til 70-talet, men ut frå skildringa kunne det på mange måtar like godt vere eit tiår tidlegare eller eit tiår seinare. Tidskoloritten er ganske skisseaktig, og det er fint, men det stemmer ikkje heilt når måkane i romanen mimar Odd Børretzen anno 1995 og skrik «skaha skaha». Den elles nøye avstemde og språkmedvitne forteljarstemma slår små sprekkar eit par stader med og/å-feil som språkvasken burde ha teke.
Noko av det finaste i denne romanen er skildringa av vennskapen mellom bror og søster. Ein kunne ta seg i å tenkje at dei tider blir tillagt litt for vaksne tankar og samtaler, men det trur eg lesaren berre må bite i seg. Marita Fossum har mot til la kvar enkelt av personane i historia kome til syne og la dei bli høyrt, utan å undervurdere dei eller prøve å setje dei på plass som karakterar. Vekslinga mellom det «barnslege» og det «vaksne» hos søskena skjer uanstrengt, og minner oss på at det faktumet at barn har vaksne tankar, sjølv om dei sjølvsagt òg er blanda med barnslege tankar, og tankar som ikkje er verken det eine eller det andre: «Hvordan er det mulig å bli så nysgjerrig?» seier Mille om naboen som heiter Svendsen. Og når ho får auge på Susanna, psykiatripasienten: «Hun stirrer på damen med det korte håret og tenker at hun er det tredje vakreste hun har sett.» Kva som er det vakraste eller nest vakraste blir ikkje kommentert, men det trengst ikkje, ein føler at denne kommentaren, som det meste i denne boka, er djupt truverdig.
Morgenbladet, 5. januar 2007
Etiketter: bokmelding, roman
1 Comments:
Susanne melde den same boka i Klassekampen, og vi diskuterte det her, på Susanne sin blogg.
Legg inn en kommentar
<< Home