Hanne Ørstavik: I morgen skal det være åpent for alle
Ein tekst i fare
Poetikk som symbolsk drama med open slutt
Av Øystein Vidnes
LESESTYKKE.
Hanne Ørstavik
I morgen skal det være åpent for alle
45 sider. Forlaget oktober 2007.
Det foregår i eit galleri. Ho er ein kunstnar som gjer dei aller siste førebuingane før ei utstillingsopning. Han er ein nysgjerrig framand som kjem inn frå regnet.
I stykket kombinerer Ørstavik det svært stiliserte med det svært direkte. Ein kunne seie om ho-personen i dramaet at ho er ein kunstig person som prøver å seie noko sant. Eller som ho sjølv nok heller ser det: ein sann person som prøver å seie noko kunstig. Dersom det no ser ut som om denne meldaren prøver å uttrykkje seg gjennom paradoks, så er han ikkje åleine om det. Stykket omhandlar og inneheld mange paradoks, til dømes knytt til det å skulle uttrykke seg vakkert om noko stygt, men ikkje minst det som lurer bak tittelen: Spørsmålet om noko eller nokon kan opne seg, utan å la seg bli endra på premissa til den, det eller dei det blir opna for.
Uttrykksmessig ytterpunkt. For ein meldar – også for ein som straks skal slutte å omtale seg sjølv i tredje person, forhåpentlegvis for alltid – blir spørsmål om poetikk av ein eller annan grunn ofte velkommen drivved å ta tak i der det måtte dukke opp. Og her dukkar det opp som ei hovudsak. Dette tyder ikkje at eg trur Ørstavik med dette nødvendigvis har bestemt seg for å skrive ein poetikk. Men spørsmål rundt det å uttrykke seg – det å kunne uttrykke seg – er så viktige, her og elles i forfattarskapen, at det ikkje let seg skilje prinsipielt frå andre eksistensielle spørsmål. I mangel av eit betre ord. Valet av dramaet som form denne gongen har ein indre logikk som står slåande godt til det som blir sagt. Og tillegg til å vere ei skildring av å befinne seg ved eit uttrykksmessig ytterpunkt, eit dødpunkt nærmast, peikar stykket òg ut ein mogleg veg vidare.
«Han» kjem tilfeldigvis forbi galleriet og blir ståande og sjå inn. «Hun» er ikkje – eller føler seg ikkje – ferdig med førebuingane til utstillinga som skal opne dagen etter. Vi høyrer henne snakke, for det indre øyret vel å merke, om den avgrensa verda som bileta hentar motiva sine frå. Galleriet, slik det blir omtalt i scenetilvisingane, har likskaper med den verda ho skildrar. Dette er forvirrande, men forvirringa må vere intendert; kunstnaren i stykket har med vilje gitt den ytre scenen trekk frå den indre, men dei er ikkje like. I stykket, i scenetilvisingane, er det trafikk utanfor, det er regn, skumring. I kunstverket inni kunstverket er det derimot noko anna utanfor, ei øydelagd verd, og innanfor er det alltid dag. I det verket som ho-personen betraktar, hennar eigne maleri inne på galleriet, kan det aldri bli noko «i morgen» då det skal «være åpent for alle». Og det som får henne til å innsjå dette, er det som skjer mellom han og henne, då ho slepp han inn til det uferdige kunstverket.
Søkande. Eg har ikkje alltid syntest at språket til Hanne Ørstavik har vore godt, eller kanskje eg heller skulle seie «godt». Sjølv om eg gjerne ville tru at eg kunne sette pris på det famlande eller søkande, merka eg i staden ei eller anna udefinert uro dukke opp saman med alle desse «Streker, linjer, kanter, bånd» (tittelen på Ørstaviks essay i Samtiden 3-2004). Men sjølv om denne setninga eigentleg blir for vag for ein kort avistekst – eller, klisjefylt nok: nettopp difor – så er det berre ei frykt og ikkje ei uro som blir prekær denne gongen. Og den frykta har med det å gjere at I morgen skal det være åpent for alle er ein tekst i fare. På fleire måtar: I fare for ikkje å bli skriven, i fare for ikkje å bli påbegynt eller ikkje ferdig, og til slutt står han i fare for ikkje å bli lest. Å tenkje på dette ville gjere meg nedstemt, men det treng eg ikkje, for teksten finst, og er ein tekst som arbeider vidare av seg sjølv hos den som gir han litt tid.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home