Tekstanneks

16. april 2008

Abo Rasul: Unfun

Intellektuell sprelling



roman
Abo Rasul
Unfun

Hovudpersonen i Unfun seier ein stad at det burde finnast eit eige ord for ein mann som «synes dum, men som egentlig er dritsmart». Skulle ein beskrive Abo Rasul sine tre bøker med deira eigne ord, så måtte det kanskje bli slik: dei virkar dumme, men eigentleg er dei dritsmarte. Den litt dumme måten å seie det på avslører likevel at det ikkje eigentleg er slik, ikkje nødvendigvis. Den som dømmer er også litt dum. Dum eller dritsmart eller streetsmart.

Unfun er den tredje boka i det som Mathias Faldbakken alias Abo Rasul har kalla «Skandinavisk misantropi». Desse romanane er spissformulerte fiksjonar som prøver å fungere som velplasserte bomber – eller iallfall kraftige kinaputtar – ved fundamenta for all rådande sjølvgod konsensus, samstundes som dei er klar over at det dei eigentleg gjer er å undersøke eller stille ut ulike versjonar av det Herbert Marcuse kalte den repressive toleransen. Bøkene og personane i dei har eit raseri som berre blir forsterka av den negative, cerebrale innsikta om at raseriet ikkje nyttar.

Vrange bøker. Macht und Rebel var eit åtak på den velmeinande venstreradikalismen, men ikkje dermed ein hyllest til kapitalismen. Desse bøkene er framfor alt vrange. Dei er også sleivete, ubehagelege, hylande morsomme og kanskje litt sleipe, men først og fremst vrange. Om ein skal samanlikne den norske litteraturen med eit alminneleg klasserom – noko det jo er all grunn til å gjere – så er Abo Rasul problembarnet. Vi kjenner typen. Han er ikkje blant dei som gjer mest av seg, men heller ikkje den som er stillast. Han passar ganske enkelt ikkje inn. Av rektor blir han tildelt spesialundervising og ekstra tilsyn, men han snor seg unna og gjer ting som får nokre av dei andre elevane til å le, nokre til å gispe, nokre til å snøfte og ganske mange til å trekke på skuldrane. Fordelinga av reaksjonar skaper intrikate sosiale mønster. Og utanfor klasserommet, blant dei andre vennane, heilt andre folk enn dei som er i klassa, der er han den smartaste.

Opninga av Unfun let lesaren (dersom ho ikkje har gjort research) sveve litt i uvissa om kven som fører ordet. Er det mann eller kvinne? Gammal eller ung? Kvinne, viser det seg. Lucy er mor til to «spinnville» 20-åringar, men likevel ung. Macht og Rebel flørta med nazismen, det gjer ikkje Lucy: «Å kalle meg nazi-fitte, for eksempel, er en slurvete bruk av ord. Fitte, ja, men nazi, nei. For det første er jeg anarkist, som sagt. For det andre er jeg neger.»

Den negative tenkinga er framherskande i denne romanen, slik det var det i dei føregåande. «Stay with the negative. All the time,» er boka sitt hovudmotto, sitert konseptkunstpioneren Ad Reinhadt. Lucy omtalar seg sjølv som negativ, ein stad som «et vandrende nei». Det er nærliggande å tenkje på haldninga som ein vrengt versjon av Nietzsche sitt dionysiske, altomfamnande «Ja til alt det tvilsomme, og selv det fryktelige». Den røyndommen Lucy er ein del av er fæl nok til å gjere ein slik affirmasjon utenkjeleg. Men i praksis befinn ho seg ein stad midt mellom «ja» og «nei», eller i rørsla mellom eit tilbakelagt «ja» og eit framveksande «nei». Ho lever med det fryktelege, og let det gå sin gong, sjølv om ho prøver å trekkje seg unna. Ho lever i eit Norge og eit Europa som er ein nær-framtidsdystopi, der det meste likevel er ganske så likt dagens tilstand. Lucy sine observasjonar er kanskje ikkje originale, men poengterte: «En skandinav er en person som til daglig lever i spennet mellom to vesensforskjellige følelser: Følelsen av usårbarhet: jeg kan ikke skades (av det jeg ser på tv) – og følelsen av utilstrekkelighet: jeg har ikke mulighet til å påvirke (det jeg ser på tv).» På kjøpet får vi gode misantropiske blødmer som dette: «Organisk liv kan sies å være en avskyelig sykdom som nærer seg på andre former for organisk liv.»

Sti av gørr. Lucy er andregenerasjons innvandrar. Far hennar kom til Norge som adoptivbarn, frå den nødramma ik-stammen i Uganda. Folk frå denne stammen blir blant anna kjenneteikna av at dei reagerer med latter på frykt, smerte og sorg. Iallfall i følgje antropologen Colin M. Turnbull. Historia om ik-folket er for god til å vere oppspinn, og det er det heller ikkje; Turnbulls bok er verkeleg nok, sjølv om han mildt sagt er omstridt. Faldbakken gjer heimeleksa si, grev fram og brukar verkelege historier og personar. Ikkje for å gjere si eiga framstilling meir truverdig – det er eit parameter som ikkje gjeld – men for å seie det med sheriffen i den aktuelle kinofilmen No Country For Old Men: «uh... a true story? I couldn't swear to every detail but it's certainly true that it is a story.»

Korsom er, tvillingane Atal og Vataman har arva ik-stammens reaksjonsmønster, noko som tilfører ein absurd komikk til det groteske og brutale. Faren til tvillingane – som eigentleg var trillingar – er den ustabile, «voldsintellektuelle» Slaktus. På notidsplanet har Lucy forlatt Slaktus, men ho er framleis den næraste støttespelaren hans, saman med tvillingane. Slaktus’ store prosjekt er produksjonen av dataspelet Deathbox. Dataspelet var opprinneleg ein filmidé med tittelen Mbo – Avenging Congo, der ein fransk vegarbeidar frå Kongo «slipper Afrikas vrede løs på Paris og etterlater seg en sti av gørr før han blir tatt av dage av filmens final girl». Slaktus hevdar at han har sine eigne grunnar til å velje nettopp Paris:

Det er ikke Balkan som er mørkt. Det er Europas hjerte som er mørkt. Europas hjerte er ikke London eller Berlin. Eller Roma eller Stockholm. Det er Paris. Fremdeles. Det er i Paris at Det Europeiske har skrumpet inn til å bli en skrukkete liten trøffel av bitterhet.

Høg teknologi, låg moral. Ved hjelp av Lucy og av tvillingane forstår Slaktus at ideen hans ikkje fungerer som film, men er perfekt som dataspel. Dette blir omtalt som eit farvel til narrativiteten. Dette farvelet kan også lesast som ein liten poetikk frå Rasul/Faldbakken si side. Bøkene hans har ikkje anna enn tilløp til narrativ oppbygging. Som Lucy seier: «I fiksjonen er det kun anslaget som er interessant, det er der ideene holder hus, det er der potensialet ligger,» og vidare:

Gamingen er, til forskjell fra både den komponerte narrativen og livet selv, en evig improvisasjon og en evig reformulering, den representerer en evig fjerning av hindringer og innskrenkninger, på en måte som verken livet eller narrasjonen klarer å oppfylle.

Slaktus hyrer inn gutta i selskapet Rapefruit, der det er «høy, høy teknologi og lav, lav moral». Dei lagar ein imponerande digital rendring av Paris, der den spelande skal gå rundt med ei steinsag frå det parisiske vegvesenet.

Skriv Abo Rasul dritbra eller dritdårleg? Det er eit elendig spørsmål, men Unfun viser uansett at han kan skrive treffande, vittig, reflektert, essayistisk, enkelt, ekkelt og underhaldande på ein gong. Delar av denne boka er rett og slett frydefull lesnad, der lesaren flyt av garde rundt i verda på ei passeleg tjuktflytande og fargerik bølgje av misantropi. Og samstundes er det heile tida ubehageleg på den snikande måten, den måten som får lesaren til å tenkje: Kva vil forfattaren med dette, eller rettare sagt med meg? Kva har forfattaren fått meg til å tenkje no? Som roman knakar det høgt i samanføyingane, men slik at det får meg til å tru at knakinga er ein gjennomtenkt del av ein utspekulert konstruksjon. Ein god arkitekt tenkjer også på lydane bygg skal lage.

Dét er naturlegvis ingen garanti for at resultatet blir sympatisk. Delar av denne romanen er skriven for reint ut sagt å plage lesaren på ulike måtar. Skrivemåten kan likne litt på den amerikanske forfattaren David Foster Wallace, men Abo Rasul er meir pedagogisk i sjølve stilen, mindre infamt eigenrådig, noko han tek igjen ved å la personane og handlingane vere desto meir vondskapsfulle og outrerte. Resultatet er at det er lettare å lese, men minst like vrient å fordøye.

Valdsintellektualisme. Det er eit paradoks at ein tekst som brukar mykje energi på å insistere på det kroppslege og på å skrive om smerte, forblir så cerebral og intellektualistisk som dette. Slaktus brukar sjølv eit sitat frå Freud til å underbygge sitt eige forhold til vald. Freud skriv at når meiningskonflikter «når opptil det høyeste abstraksjonsnivå» blir det igjen aktuelt med vald. «Dette kalles voldsintellektualisme,» seier Slaktus, som er fornuftig nok til å halde seg under kontroll ved å gjere som Tony Soprano: gå til terapeut. Men er det nok til å hindre volden i å bryte ut? Kanskje, hadde det ikkje vore for Rapefruit sine fatale programmeringsfeil i produksjonen av dataspelet.

Det høge abstraksjonsnivået er vel litt av forklaringa på den delte mottakinga Abo Rasuls bøker får. Men det er ikkje tvil om at det er satans godt gjort. I lesinga oppstår det spørsmål som: Kva trur eg på? Kvifor? Finst det noko å elske eller hate? Kva gjer eg om alt dette blir borte? Eller aldri har vore der? Unfun tematiserer ei av dei mest allmenne og desperate handlingane, som langt frå er ukjend for det tidlegare nevnte «problembarnet»: sprellinga. Som Lucy seier: «Man kan nesten bruke det som et memento: Når alt går galt: sprell.» Å lese Rasul kan vere ein sunn måte å røske opp i sine eigne meiningsskapande prosessar på. Sjølv om å seie det slik er nettopp den ufarleggjeringa boka sprellar mot.

Etiketter: ,