Tekstanneks

20. juli 2007

Ferskvare

Moden ferskvare



Ferskvare. Tekster fra Aschehougs forfatterskole
Aschehoug 2007

Som alle toppfotballklubbar med respekt for seg sjølv har Aschehoug etablert ein eigen talentutviklingsskule. No gjer dei opp status, og resultatet er framfor alt heiderleg.

Ferskvare er ei samling tekstar frå Aschehougs forfattarskole 2004–2006. Denne utgjevinga er altså ikkje ein konkurrent til Cappelens Signaler eller Damms komande PILOT-antologi, til dømes. Medan Signaler har vore ei eiga blanding av nålauge og boltreplass for aspirerande forfattarar, er Ferskvare eit biprodukt, samanliknbart med den rørfrakta fjernvarmen frå eit fabrikkanlegg eller antologiane til forfattarstudia i Bø og Tromsø og Skrivekunstakademiet.

Nervøsitet. Tittelen er kanskje misvisande. Nokre av tekstane er minst tre år gamle, men det er heller ikkje poenget, dei er ferske likevel. Om ein god antologi er ein manifestasjon eller eit lovande frampeik, blir dei fleste antologiar likevel oftast best når dei har fått ligge nokre år. Dei blir ein ukjend del av ei historie som ein kanskje kjenner frå før, og ein kan tenkje: Så det var slik det begynte. Denne utgjevinga har allereie eit snev av dette retrospektive, sidan Gøhril Gabrielsen, Gabriel Michael Vossgraff Moro, Bjarte Samuelsen og Sara Li Stensrud har debutert som forfattarar, presumptivt etter at desse tekstene var skrevne. Aschehoug må ha hatt ei trong for å vise fram at forfattarskulen er ei suksesshistorie, med så mange utgjevingar i beltet. Og det er jo alltid er ei god øving for aspirerande forfattarar å få tekstar publisert, både før og i tillegg til ein bokdebut. I Norge er det relativt lett å få ei bok publisert, men relativt vanskeleg å få litterære tekstar publiserte i andre samanhengar der dei faktisk blir lest. Resultatet er ofte stor – om enn ofte fruktbar – nervøsitet både hos bokforfattarar og boklesarar.
Ferskvare er pakka inn som ein kvartkilo kjøtdeig. Men kva er eigentleg i pakken? Vi får eit avvæpnande, bra forord av Merete Morken Andersen. Sju noveller. Ei «historisk» novelle, ei «skittenrealistisk», ei «sosialrealistisk» og fire som er ganske enkelt «novelle». Eg skriv orda i hermeteikn fordi ein jo alltid skal vere skeptisk overfor slike merkelappar, skeptisk inntil det skrupuløse, men dei fell likevel lette å skrive no, merkar eg, dei ligg godt i munnen når eg les desse tekstane, utan at det i seg sjølv seier noko om kvaliteten. Vidare har vi to bidrag poetisk prosa, eit med fragment, eit med poesi og eit som berre er meiningslaust.
Eg vil elles vere forsiktig med å felle dommar over skriveprosjekta til dei enkelte bidragsytarane her, dei bidreg trass alt med berre ein tekst kvar.

Heiderleg. Charlotte Marie Lundestad Bråten har skrive den stilsikre novella «Det er ikke jeg som er Ana» som er lett og melankolsk og minner meg litt om novellene til Judith Hermann. Arne Sørlis novelle «Skrifte» er også godt gjennomført, sjølv om ho blir litt vel konvensjonell og klassisk skjebnetung. Bjarte Samuelsen har skrive ein tekst som er lovande først og fremst på grunn av språket, som til gjengjeld er eit godt frampeik mot romanen Tilsynekomst frå i fjor.
Om eitt ord skulle beskrive tekstane under eitt, måtte det bli «heiderleg». Dette er – eller strekkjer seg mot – «heiderleg» litteratur, kva eg no enn måtte meine med det. Eg meiner det ikkje negativt, men blir heller ikkje oppglødd ved tanken. Ein kunne ønskje seg litt dristigare sprang. Og meir interessante måtar å mislukkast på? To bidrag skiljer seg ut frå dette. Gabriel Moro har skrive ei samling fragment eller «spredte bemerkninger» (undertittelen på Wittgensteins Filosofi og kultur) frå ein kveld åleine på Thomas Bernhards yndlingskafé i Wien. Denne teksten risikerer med rette å bli kalla både forfengeleg og forgløymeleg, men fungerer på eitt eller anna nivå som ei blanding av interessante tankesprang og helteliste. Jenny Hvals bidrag er også vanskeleg å plassere, ein tekstcollage av poesi, prosa pluss tekst og bilete frå wikipedia. Eg synst at teksten kan bli litt vel fiks, ei beskriving av ei berøring, forma som beskrivinga av ein kropp, igjen allegorisert som arkitektur. Men mange gode tilløp, enkeltsetningar og det generelt friske ved denne teksten skiljer seg positivt ut.

Etiketter: ,