Øystein Lønn: Plutselig landligge
Minstelønn
Øystein Lønn sitt språk har stivna, som om novellene har gått gjennom ein middelmådig omsetjar.
Av Øystein Vidnes
NOVELLER
Øystein Lønn
Plutselig landligge
168 sider. Gyldendal. 2006
Eg tek meg i å tenkje at dersom eg ikkje hadde sett omslaget eller lest på tittelbladet at dette var Plutselig landligge, den nye novellesamlinga til sjølvaste Øystein Lønn, ville eg ha kjent meg heilt sikker på at boka var ei påfallande ujamn norsk omsetjing frå eit større språk enn norsk. Kjensla er abstrakt, men let seg kanskje skildre, dersom vi godtek at skildringa er ei forklaring som er meir triviell enn det ho prøver å forklare.
Språket i omsetjingar har som kjent ofte noko stivt ved seg. Ikkje nødvendigvis i tydinga formelt, men like gjerne «stivna», basert på omsetjaren sine val for på den eine sida å halde på originalen si stemme, og på den andre sida skrive fungerande norsk. Men ein halvgod omsetjar maktar i mange tilfelle ikkje å erstatte originalen sitt personlege høve til eige språk med noko anna enn konvensjonar. Det innlevde, nevrotiske, sårbare, spyttande, eller innyndande ved språket – kva adjektiv som helst stilt framfor preposisjonen «ved» og substantivet «språk» i bunden form – forsvinn. Lesaren har kjensla av å stå åleine tilbake på ein språkleg og litterær allmenning, i tydinga eit felles areal, eit område som alle har bruksrett til, men som er så godt som ribba for personlege eigenskapar.
Tentaklar. Korleis i all verda kan eg forsvare å få denne kjensla under lesinga av den nyaste utgjevinga av ein forfattar som meir enn dei aller fleste har blitt omtalt som ein språkkunstnar? Først må eg presisere at eg med dette ikkje vil gjere meg til talsmann for romantisk mystikk rundt «det personlege språket», eller seie at det finst eit laug av språkkunstnarar som Lønn ikkje høyrer til i. Eg meiner rett og slett at språket til Øystein Lønn, trass i at han framleis er ein språkkunstnar, i denne utgjevinga har stivna. Ikkje inntil det urørlege, men til eit punkt der det minner meg om ei ujamn omsetjing av ei bok som, på det originalspråket eg fantaserer meg fram til, kan ha vore god.
Det kjem først til syne i dialogane. I den femte novellesamlinga si hentar Lønn fram hermeteikna for første gong i novellene, og rammar inn talen (han brukte dei òg i den kritikarroste romanen Simens stormer frå 2003). Det kan virke som ein bagatell, men den særeigne mangelen på sitatmarkeringar, anna enn linjeskift og innrykk, ga novellene hans frå byrjinga av eit større inntrykk av flyt enn dei kanskje fortente. Gjennom ei grafisk sidestilling av direkte tale, indirekte tale og alt det som er over og under, skapte han ein prosa der språklege perler kunne dukke opp og forsvinne igjen, som sjølvlysande tentaklar hos aldri tidlegare observerte sjøskapningar i eit elles bekmørkt havdjup observert gjennom eit lite, men glasklart koøye i ei trang dykkerklokke (om lag).
Konstruert. Med hermeteikna blir eit meir tradisjonelt og nedarva hierarkisk prinsipp introdusert i skrifta. Dette er truleg ikkje viktig, men kanskje ein av fleire grunnar til at denne prosaen ikkje balanserer, framfor denne lesaren i alle fall. Øystein Lønn har alltid gjort bruk av det stiliserte, og har ikkje vore oppteken av det organiske eller tilforlatelege. Men denne gongen får det kunstferdige litt for ofte noko ufrivillig lattervekkande over seg.
Dette gjeld altså særlig dialogane. Den første replikkvekslinga er når den eine hovudpersonen i den første novella «Greyhounds» ber ein taxisjåfør i Dublin vise henne kuleholet i veggen etter påskeopprøret i 1916. Sjåføren svarer: «'Men det er bare en grop i veggen,' sa han og puttet nøklene i brystlommen. 'Et helt vanlig hull som ti tusen andre i alle land og til alle tider. Det er patetisk, men uunngåelig, og det omtales som revolusjoner'.»
I novella «Det må bare fortsette» kjem ein person med denne replikken: «Snekkeren som skulle ordne det spanske vinduet har montert en lem som klaprer i vinden. Den skygger ikke for solen og holder meg våken om natten. Jeg avskyr elendige kelnere, folk som jukser, advokater, fulle piloter, pirkete konstabler og snekkere som ikke kan få skikk på en lem foran et vanlig vindu. Det er for tåpelig,» sa han. Skriv Øystein Lønn.
Å seie at det ikkje finst nokon som snakkar slik er nok ikkje ei gyldig innvending. Men kva oppnår forfattaren med å gjere personane så hyperlitterære og konstruerte?
Mimespel. Dei forteljande avsnitta er sveipande, og ofte svært flotte, men det sviktar meir og meir jo nærare forteljaren nærmar seg personar og konkrete situasjonar. I mange tilfelle minner det om eit slags mimespel, der forfattaren ikkje nøyer seg med å skildre noko som spelar seg ut framfor det indre auget hans, men også koreograferer dei handlande minutiøst for kvar scene, slik at personane i novellene framstår som filmskodespelarar som framfører handlingane sine, som speler scene etter scene etter regissøren sine instruksar utan å kunne eller ville sjå samanhengen eller leve seg inn i dei rollene dei skal spele.
Den siste og lengste novella, «Fem dager med Thomsson», byrjar sprekt og er heilt klart den beste teksten i boka. I den første halvparten klarer Lønn å bruke den omtalte stivleiken på ein effektiv, absurd, humoristisk og nærmast spastisk måte. I historia om Thomsson som kjem inn og forrykkar balansen i «byrået» og i livet til eg-personen, oppstår det ei stemning som både er kafkask og sårbart menneskeleg. Men eit godt stykke ut i teksten trengjer den stivpynta litterariteten i språket seg på igjen, og gjer det klare uklart. Eit lite eksempel, frå ein scene mellom hovudpersonen og elskerinna frøken Blom: «Hun liker meg. Hun stryker munnen min. Noen ganger vurderer hun meg. Hun ser lenge på meg.» Det tvetydige eller utydelege ved ordet «vurderer» lek ut og fargar heile avsnittet. Eg tek meg i å tenkje: kva stod det opprinneleg der (på det ukjende språket boka er omsett frå)? Og kva tyder det at det står «noen ganger»?
Novella kulminerer i eit bisarrt mimespel som involverer «en guttunge ved en hydrant»:
«[...]. Han holdt på med sitt. Med hydranten som underlag forsøkte han å knekke en valnøtt med en hammer. Han hamret og hamret. Det var vakkert. Han banket mot hydranten som om han ville knuse fedrene. Og plutselig visste jeg at det ikke finnes en eneste landsens lyngmo som er vakrere enn synet av en guttunge som knuser valnøtter på en hydrant. Han tviholdt i hammeren. Konstabelen nærmet seg for å fjerne ham.»
Dette er litterært ambisiøst og pretensiøst, og det er mystisk og hardt, med bilete som blir tillagt mytisk kraft, samtidig som figurane – i tillegg til guten og konstabelen: «en korpulent mann», «verten» og «et ludder» – merkeleg nok verkar klipte ut i papp og stilt opp på gatehjørnet.
Til slutt i avsnittet stiller Lønn desse to enkle beskrivande setningane opp etter kvarandre: «Thomsson glante mot verten som hadde kommet ut i døren. Verten glante på Thomsson som stod lut og hostet.» Stod Thomsson og glante, samtidig som han «stod lut og hostet», eller skal ein tenkje seg eit ukjent tidsforløp mellom desse to setningane?
Eg ser for meg setningane i denne boka som isflak som støter mot kvarandre eller sprekk og flyt frå kvarandre, og klarer ikkje å avgjere om eg skal halde fram, hoppe frå det eine til det andre og prøve å nyte kulden her oppe, eller sleppe taket og gå under, til dømes ved heller å lese Thranes metode på nytt.
Morgenbladet, 20 oktober 2006
Etiketter: bokmelding, noveller