Tekstanneks

18. juli 2008

Einar Økland: Kant-i-kant

Tilsmussa av røyndom



Essaysamlinga Kant-i-kant viser Einar Økland som ein radikal pragmatikar.

essays
Einar Økland:
Kant-i-kant

«Då tykkjer eg synd i deg!» var dei første orda underteikna høyrde frå forfattaren Einar Økland sin levande munn. Underteikna sat bak disken i eit utsal i Den norske bokbyen i Fjærland. At Einar Økland dukka opp der, burde ikkje vere overraskande, utrøytteleg som han også i litteraturen stadig viser seg, i jakta på kulturen og litteraturen sine understraumar, sideelvar og tydelege, men likevel forsømde grøfter. Fruktene av denne jakta viser seg ikkje minst i den nye samlinga Kant i kant, som no ligg på bordet, men det visste eg sjølvsagt ingenting om i Fjærland for ni år sidan.
Økland helste til hatten då han kom inn, og eg helste tilbake. Eg tok eit kjapt blikk ned i den boka eg sat og las i før eg sa: «Litt av ein slump at du skulle dukke opp, for no sat eg akkurat og las ei bok av deg,» og det var då han sa det: «Å? Då tykkjer eg synd i deg!» Det kom spontant. Om verda var ein teikneserie – ein ganske plausibel tanke, eigentleg – ville det stå i tenkjebobla over hovudet mitt: «Ånei! Kvifor er det synd på meg?» Og over Økland: «Ånei! Der sit det ein som vil overause meg med tomt skryt, her er det best å kome seg unna». Men Økland modererte utsegna då han såg at lesestoffet var den lite påakta lyrikk/prosa/dramatikk-boka Gull-alder frå 1972. Ein bokrygg som hadde dukka opp i antikvariatbokhylla, gledeleg uventa og tre fingrar brei.
Dersom Økland er kuriosaen og utkantens mann, noko som vel ikkje er heile sanninga, ser det i det minste ut som mykje av det beste i forfattarskapen har vokse ut av kuriosa i hans eige skriveliv. Skrivefrukter frå 1979 var den første og Kant-i-kant er den sjuande samlinga av småprosa, ymse skrivestykke som stort sett har vore publisert tidlegare i meir eller mindre obskure samanhengar.

Radikal pragmatisme. Kva er så bra med Einar Økland sin «saklege småprosa»? Ein ting er at eg ofte tidlegare har funne at Økland har hatt ei eiga evne til å seie om lag det motsette av det eg forventar om ei gitt sak. Men det beste er at han gjer det utan å vere eller prøve å vere original. Korleis klarer han det? Kanskje det ligg i det ein kanskje kan kalle den radikale, det vil seie djuptborande, pragmatismen hans. Radikal pragmatisme: Denne klistrelappen kunne eg godt tenkje meg å klistre fast på Økland både for å beskrive ein skrivestrategi og eit grunnsyn. Dette sjølv om eg veit at limet ikkje held, og lappen sikkert ikkje er stor nok til å dekkje meir enn ei nase, eit kne, eit augelok eller ei munnvik.
Dette med forventningane vil jo alltid vere relativt: Eg forventar noko fordi eg ikkje veit betre. Fordi eg ikkje visste betre, visste eg til dømes ikkje at Einar Økland, dersom han skulle skrive noko om knotet – det å legge om språket og på den måten gjere seg finare – sjølvsagt ville skrive eit varmt forsvar for det. Etter å ha lest teksten «Til forsvar for knotet» frå i ei av dei første samlingane visste eg betre. Ikkje visste eg at Økland ville skrive eit allment forsvar for «trongen til hevn», men etter å ha lese Kant-i-kant så veit eg det (sjølv om eg også kunne ha visst det ved å ha lest Klassekampen i 2003).
Overraskinga kan også vere perspektivutvidingar, som på papiret ser relativt enkle ut, men som er vanskelege å få til utan å framstå som kverulant. På spørsmål om «Hva slags kunst er det vi trenger nå?» svarer Økland at det vi treng er eit «godt, nytt publikum». Fleire av tekstane hans i Kant-i-kant vitnar om at ønskjet hans om å vere ein del av eit godt, nytt publikum kanskje er større enn ønskjet om å lage god, ny kunst. Eller, rettare: Å vere publikum er sjølve kunsten.
Økland nyttar seg av ei viss nærsynt arroganse som gjer at han i dei små tekstane kan ta for seg store tema, nær sagt utan at lesaren merkar det. Og han toppar det med ein god sans for kontekst, som gjer at han til dømes kan sleppe unna ekle kategoriar som «politisk korrekt» eller «politisk ukorrekt». Utfalla mot «lesbiske feministar» i teksten «Sidan du spør» virkar unyanserte og dårleg orienterte, iallfall lest 12 år seinare, men akkurat det gjer berre teksten betre, sidan han stod på trykk i det feministiske tidsskriftet Utflukt. Når Økland skal skrive ein tekst om feminisme, gjer han det ut frå seg sjølv, og går for avsløring heller enn tilsløring. På dei premissa blir det ein god tekst.

Tilsmussa av røyndom. Forfattaren passar seg for å gjere unødvendige oppsummeringar sjølv, men for ein stakkars bokmeldar (som det ikkje er synd på) er det uunngåeleg: Ein ting som foreiner desse tekstane er ei omsorg for det tilskitna, det utskjemde. Det ideelle som har blitt tilsmussa av røyndom, av omstende, av levd liv. Dette gjeld til dømes språk (Økland skriv at han føretrekk nynorsk som oppdatert bruksspråk heller enn «oxford-nynorsk»), sjangrar (maleboka for barn, muntlege og skriftlege karikaturar), folk og ettermæler. Økland viser ei særleg interesse for visse kunstnararar som i krigstida ikkje handla slik ettertida dømte moralsk rett, og som dermed har blitt fordømt, eller i endå større grad: forteia.
Økland sitt ærend med å skrive om NS-plakatteiknaren Harald Damsleth er ikkje å reinvaske på nokon måte, eller å ta han vekk frå den politisk samanhengen – det ville jo heller ikkje vere mogleg – men eit forsøk på å teikne eit samla portrett av kunstnaren, kunsten og den samanhengen desse virka i. Eit totalperspektiv med blikk for detaljane. Dette gjer han på minst tenkjeleg spekulative vis, gjennom tørre fakta og beskrivingar. Interessa for spesielle skjebner utsette for krigen og etterkrigstida sine moralske dilemma, vil eg på mest mogleg spekulative vis kryssklippe med siste avsnittet i Øklands tekst om hevn:

Kven vil vel ikkje halde valdsnivået nede når ein tenkjer etter? Eg er på alle måtar ein fredens mann. Men ikkje fordi eg ikkje er i stand til å slå folk i hel, men fordi eg er brennbar og godt kan kome til å gjere det. Og at andre er som eg.

På uuttalt vis handlar det om ei interesse for grunnleggande mennesklege vilkår i «onde tider». Og det det finst mange slags onde tider.

Bokhaldar. Her og der blir den nye samlinga litt ordrik og tørr. Økland har trekk av å vere bokhaldar, og det er jo slett ikkje noko gale i det. Han vil bidra til å tette hola i eit nasjonalt medvit som lek som ei sil. Og det direkte bokhalderiet hans er glimrande: Presentasjon av ei liste over norske bøker gitt ut på eige forlag er eit høgdepunkt, sjølv om vi berre får vite tittel, utgjevingsstad og -år. Og samlinga hans av folkeleg «smådikting» er sikkert gull verd for mange, sjølv om eg personleg fell av i første svingen.
Totalt sett kunne nok denne boka med fordel ha blitt redigert ned med om lag ein tredel eller så. Men, kunne ein seie, det klarer lesaren fint sjølv. Einar Økland marknadstilpassar seg ikkje meir enn hundre prosent: Dette er svara han ga denne gongen.

Morgenbladet • 18. juli 2008

Etiketter: ,