Tekstanneks

2. november 2003

Inger Elisabeth Hansen: Trask

Når skrifta ikkje stiller seg pent opp i geledd


Inger Elisabeth Hansen er villeg til å risikere at det ho skriv er sant. Dermed skriv ho naturlegvis satire. Og det har mindre med humor enn med avstand og nærleik å gjere. Når skrifta ikkje stiller seg pent opp i geledd, men strekk armar og føter ut i alle retningar, så kan ein bli klar over avstanden fram til det armane strekk seg etter. Denne avstanden kan vere stor, men armlengda kan òg vere stor, og avstanden frå handa til kroppen den tilhøyrer nesten uoverstigeleg. Slik kan eg beskrive den harselasen over både røyndommen og språket som eg finn hjå Inger Elisabeth Hansen. Ikkje slik å forstå at ein treng å leite etter medkjensle eller sjenerøsitet i poesien hennar, men lesaren får framprovosert den uroa det er å bli nøydd til å spørje seg sjølv kven sitt parti han eller ho er på. Hansen skriv engasjert poesi, men ikkje av den typen som gledar lesaren med å stimulere kjensla av å vere saman med poeten på dei gode si side. Og difor er engasjerande ei betre verbform enn engasjert.

Inger Elisabeth Hansen (f. 1950) har ikkje eit «poetisk» språk, men alle slags språk. Her er byråkratiske stylter, akademisk presisjonsskyting, vulgære blødmer, allegoriar, enkle metaforar, rein forteljing og store, innfløkte bilete ved sida av kvarandre. Og på grunn av den språklege rikdommen legg ein knapt merke til det som manglar i høve til tradisjonelt definerande kriterium for poesi: Trask – forflytninger i tidas skitne fylde, den nyaste samlinga hennar, inneheld ikkje ein einaste førekomst av ordet "jeg". I Fraværsdokumenter frå 2000 er det lyriske eg-et sine privilegier som subjekt og objekt erstatta av det mystiske og urovekkande «fienden», som skiftar identitet på motsetnadsfylte måtar. Ei av pipene fienden må danse etter er den språklege fornuftslogikken, som kan få «det å fjerne bollen med ris» frå fienden sine hender til å bli «et bidrag til å gjøre ham fullkommen».

Å lese eit dikt av Inger Elisabeth Hansen kan vere som å gå på måfå ut på ein open plass, berre for å oppdage, midt ute på plassen, at du ikkje går på måfå, at du følgjer eit spor, at det finst fleire å følgje, men at alle desse spora utgjer ein labyrint, ein labyrint du ikkje kjem ut av: har du først sett spora, ser du at dei alltid er der.

Trask – forflytninger i tidas skitne fylde ser ut til å vere skriven i omtanke for slike spor, eller rettare: dei som har laga dei og gått i dei. Fotspor i jord, handsydde, utslitne klede, ugløymde ord frå gløymde menneske – former ein må passe inn i, og som seinare blir dei einaste vitna om det som passa inn.

Frå katalogen til Audiatur, november 2003.

Etiketter: ,