Tekstanneks

2. mai 2003

Fernando Pessoa: «Maritim ode»

Pin meg tilbake til min lykkelege barndom


Ein presentasjon av eit stykke valdeleg heimstaddikting: «Maritim ode» av Fernando Pessoa.

«Og der sit dei, alle stillferdige diktarane. På støydempande rompeballar. Med isopor i pennane. Vil du veta ka eg trur, så trur eg at dei lurer seg til eit digert ark jamsides det stillferdige. Her havnar alle bannstorstygg og storord etterkvart som dei klør i fingrane. Og setningar som må heisast opp i flaggstengene for å nå bakkjen! Det arket sku eg likt å sett på trykk.»
(Karin Moe, «Okk, det skal vel vera stillferdig i år igjen", Vinduet 2/1979)

«Det finst berre to måtar å ha rett på. Den eine er å halde kjeft, og det er det dei unge bør gjere. Den andre er å motseie seg sjølv, men det må ein ha ein viss alder for å gjere.»
(Álvaro de Campos, Aviso por Causa da Moral [Råd om moral], pamflett 1923)

Av Øystein vidnes

Eg står åleine på Strandkaiterminalen i Bergen og ventar på hurtigbåten. Det er tidleg om morgonen. Eit tungt skylag ligg over byfjorden. Å seie at eg er åleine, er ei overdriving, men likevel nødvendig. På same måten som meg, står dei andre ved sida av bagasjen sin og ventar. Å seie at eg ventar på båten, er også ei overdriving. Båten er nemleg allereie her, ligg her, breid, still. Det han ventar på, det eg ventar på, det dei andre ventar på, er tida.

Inntil vidare har eg noko å tilstå: eg har skreve dikt.

Ei udramatisk tilståing. Grunnen til at eg tenkjer på det no, er ein observasjon. Observasjonen er som følgjer: det finst tidspunkt då ein skriv dikt, og det finst tidspunkt då ein ikkje skriv dikt.

Desse to ytterpunkta kan eg hugse å ha knytta til to former for reiser, høvesvis utreiser og heimreiser. Kvifor det? Utreiser og heimreiser var noko som fantest, noko som verkeleg eksisterte, i hovudet mitt. Til utreiser kunne ein knyte stor romantikk, oppnedsnuing, omfamning av det ukjende, avvising av det kjende og så bortetter, det å legge ting bak seg, å auke avstanden til det som låg bak ryggen. Til dette høyrde det altså dikting med. Ikkje nødvendigvis mykje, ja, eg veit ikkje ein gong om eg, når alt kom til alt, sette eit einaste ord på papiret, det viktige var opplevinga av å skrive dikt. For å få denne opplevinga var det nok å kike ut vindauget på bussen eller båten. Det skreiv seg sjølv, så å seie. Heimreiser derimot likna ikkje på skriving eller dikting, nei, heimreiser likna mest på stryking, utvisking. Dei hadde med minking av avstand å gjere, lukking av dører, omfamning av det trygge. I det eg innser det romantiske, ja det løylege i alt dette, kan eg tenkje meg å spørje kvar denne romantikken kom frå, men det skal eg ikkje, eg skal berre spørje kvar han forsvann.

Det finst tidspunkt då ein gjer eller let vere å gjere noko, av ein grunn. Men det kjem tidspunkt då ein gjer det same eller let det vere, utan at ein kan peike på ei årsak til dette. Kanskje fordi ein ikkje leitar, ikkje ønskjer å leite, og ikkje har nokon grunn til å ønskje noka årsak. Uansett har årsaka gått tapt. Det har kome eit tap inn i biletet.

Kva slags tap? Det kan eg spørje om. Og med eitt blir det noko konkret over denne kjensla, sjølv om eg ikkje kan svare direkte på kva det er som er tapt. Men eg kan spørje kva det fører til. Kva fører ho til, denne kjensla av tap? Eg kan svare: vald. I sin ytterste konsekvens ein form for vald. Men det vil vere å foregripe. Vi er nøydde, no, enten vi vil eller ikkje, å gå inn i diktinga si verd. Vi må påkalle ei stemme. Vi må godta ein viss romantikk. Eit rop frå fortida har henta oss igjen.

EIN EINSLEG BÅT kan skimtast på veg inn. Eg står på Strandkaiterminalen. Det er tidleg morgon.

Situasjonen har sin parallell i eit dikt. Ikkje eit eg har skreve sjølv. Diktet som har henta oss igjen heiter «Maritim ode» og er skrive av den portugisiske diktaren Fernando Pessoa. Det vart publisert i 1915 under namnet Álvaro de Campos, i utgåve nummer to av tidsskriftet Orpheu som Pessoa var medredaktør for. «Maritim ode» er ikkje originalt i sitt val av motiv. Ein må gå ut frå at havet allereie på denne tida var utslite av dikterisk romantisering. Men i dette lange diktet blir havmotivet køyrt så langt at det kanskje går forbi romantiseringa. «Maritim ode» har blitt karakterisert «the loudest poem ever written». Og det var meir enn den litterære offentlegheita i Portugal kunne tåle på ti-talet. Diktet var ein av grunnane til at litteraturkritikaren Júlio Dantas i ein omtale meinte at alle bidragsytarane i Orpheu burde utvisast frå Portugal. Noko som igjen fekk Pessoas venn, forfattaren og malaren José de Almada Negreiros, til å skrive den krakilske pamfletten O MANIFESTO ANTI-DANTAS. Og då Negreiros prøvde å overgå «Maritim ode» med å skrive eit dikt som var endå meir valdeleg, til det neste nummeret av Orpheu, førte det til at tidsskriftet vart stoppa.

Hovudpersonen i diktet står «Alene, på den øde kaj» i hamneområdet i Lisboa ein tidleg sommarmorgon, og ser på ein liten lastebåt som er på veg inn. Eg snakkar om hovudperson, for det er eit langt, forteljande dikt som tangerer langnovellen i format og strekkjer seg mot eposet, det dekte 20 sider i tidsskriftet og 41 sider i mi gode, danske utgåve av Àlvaro de Campos' dikt, som eg no tek fram frå sekken, opnar og les frå. Omkring hovudpersonen «vågner det maritime liv». Det blir heist segl, det blir lasta og lossa, og det kan høyrest larm av kraner og godstog. Scenen er roleg, men også foruroligande. Allereide på side to blir det noko kroppsleg og truande over synet:

Etvhert skib, som lægger til og står ud,
Er - jeg føler det i mig som mit blod -
En trussel, fuld av metafysiske overtoner
Som aldrig lader dén, jeg har været, i fred...
(s. 54)

Dette er framande tonar. For ein moderne lesar står det i fare for å bikke over, men tonen i diktet har frå byrjinga av ein intensitet som balanserer på ei grense mellom det patetiske og det beintfram ærlege. Den som snakkar er ikkje Fernando Pessoa. Det er heller ikkje nokon annan person som snakkar, men Álvaro de Campos, ein fiktiv figur, som omtalar seg sjølv i diktet som mellom anna som «ingeniøren, jeg, den civiliserede, jeg, den i utlandet uddannede». Campos er det einaste av heteronyma som fulgte Pessoa heile vegen. Han skreiv dikt heilt til Pessoa døde i 1935, og var ikkje, som nokre av dei andre, ein statisk figur, men såg ut til å gå gjennom personlegdomsendringar. Her, i 1916, er Campos framleis ein vill futurist, proklamert motstandar av sivilisasjonens dogmer og «teologiske fiksjoner», personlegdommen, individualiteten og objektiviteten, men han er også ein følsom sensasjonist. Ideen og omgrepet sensasjonisme var inspirert av kubismen: «Sensationism pretends [...] to realise in art a decomposition of reality into its psychic geometrical elements», skreiv Pessoa ein stad. Forsøksvis omsett: å bryte røyndommen ned til dei geometriske elementa av psyken. Campos seier ein annan stad at den ytre verda for han er den indre. Underforstått vil han skildre kjensler, men dette må ikkje bli forveksla med ein kommunikasjonsteori. Skildring har for Pessoa og koteriet hans ikkje med formidling, men med skaping å gjere. Dette er ikkje ein måte å kutte strengen mellom røyndommen og fiksjonen på, heller ikkje ein måte å viske ut skiljet på, men ein maktteori, der fiksjonen si makt ikkje blir gløymd. Både Pessoa og vennen hans, forfattaren Mario de Sá-Carneiro, skreiv ofte om deira eigne kjensler som «allereie litterære» i det dei blei følte. Dette er ikkje berre romantisk, det er ultra-romantisk, som den tidlege Pessoa-forskaren Jacinto do Prado Coelho skreiv.

EG HAR IKKJE GÅTT NOKON STAD. Eg står på Strandkaiterminalen. Ein motor startar opp like ved. Det er hurtigbåten som vaknar til liv. På dekket blir det sprunge fram og tilbake. Eg har ei bok i handa.

Vi er framleis berre på den andre sida i "Maritim ode", og diktet har enno ikkje forlete røyndommen. Når det gjer det, når det verkeleg tek av, så tek det røyndommen med seg i flukta, men det får vi tidsnok sjå. Det som gjer at diktet set seg i rørsle, er observasjonen av eit byrjande tomrom:

[...] når skibet stævner ut fra kajen,
Og det pludselig ses, at et rum har åbnet sig
Mellem kajen og skibet,
Føler jeg, uden at vide hvorfor, en pludselig angst
(s. 54)

No dukkar fantasien fram. Biletet av kaiområdet blir dobbelteksponert i tankane til hovudpersonen, og han ser for seg det same området i ei anna tid, sjøfarten sin gullalder, piratane si tid. Og han ser seg sjølv, ikkje som passiv observatør, slik han er, men som ein reisande: «Om jeg ikke lagde ud en anden gang, før mig, / Fra en kaj; om jeg ikke [...] Forlod en anden slags havn?» Denne fantasien er både noko han ønskjer å framkalle, og noko som truar med å ta fullstendig overhand.

Tomromet blir fantasert større: «[…] de gamle have er den Absolutte Afstand, / Ren Fjernhed, befriet for Nuets dødvægt…» Det verkeleg paradoksale ved denne utsegna må vere uttrykket 'Nuets dødvægt'. For er det ikkje fortid og framtid som er dødvekt, medan 'Nuet' er noko ein kan leve i, befridd for bekymringar? Diktet byrjar i presens, som ein tilstandsrapport, men uansett kor føreseielege rørslene på hamna er, minner dei oss likevel på at ein ikkje kan halde fast tida ved å skrive i presens. Ingen tilstandar kan vare, og det å innsjå kor avgrensa notida er, er å innsjå at ho er tapt. «Maritim ode» vil gå til åtak på på denne situasjonen: fortida skal gjenskapast, ikkje som minner, men som konkret røyndom. Diktet er ein sentimental elegi i hysteriet si form. Vi har ein absolutt identitet mellom minne og ideal, men som vi skal sjå kjem fantasien før ­ og i vegen for ­ maninga av fortida.

Avstandane lokkar: «Alle afstande kalder på mig med en korporlig røst, [...] Den ukendte, implicitte stemme i alt maritimt» (s. 63) Og Campos ropar tilbake, til piratane som held til i desse avstandane:

Jeg ønsker at følge med jer, jeg ønsker at følge med jer,
På samme tid med jer allesamen
[...]
At tage del i jeres gerninger og jeres misgerninger,
At nå, som I, til sidst til særlige havne!
Flygte med jer fra civilisationen!
Miste sammen med jer fornemmelsen for moral!
(s. 67)

Diktet akselrerer, og den lydhermande skrifta truar med å få overtaket mellom lausrevne scener frå piratane sine grusomheiter:

Bristende køle, sunkne skibe, blod over havene!
Dæksplanker sejlende i blodige legemsdele!
Fingre revet af over lønninger!
Barnehoveder, hist og her!
Folk med udstukne øjne, hylende, skrigende!
Hej-hej-hej- hej-hej-hej-hej-hej-hej-hej!
Hej-hej-hej- hej-hej-hej-hej-hej-hej-hej!
Jeg varmer mig i alt dette som i en kappe mot kulden!
(s. 71)

Det er blodig, og eksplisitt masochistisk: «Styrt ned over mig, som store, tunge mure, / O barbarer fra antikkens hav!» Midtvegs i diktet beskriv han korleis han ikkje berre ønskjer å vere offer for gjerningane deira, han vil vere dei: «Min kvindelighed ved jeres side er at være jeres sjæle! / At være inden i al jeres grusomhed, mens I har praktiseret den!» Han endar opp med ikkje berre å ville vere dei, men også det dei trur på: «At jeg måtte være Gud, Gud for en modstat kultus, / En monstrøs og satanistisk Gud, en Gud for en blodets panteisme». Mellom alt dette, høyrer vi ekkoet frå den engelske klassikaren Treasure Island av Robert Luis Stevenson:

Men altså på havet, på h-a-a-vet altså, altså på H-A-A-A-VET!
HEJ-HEJ-HEJ-HEJ-HEJ-HEJ-HEJ! På H-A-A-A-A-VET!
Eja-eja-eja-eja-eja ej! Eja-eja-eja-eja-eja-ej! Eja-eja-eja-eja-eja-eja-eja-ej!
[...]
FIFTEEN MEN ON THE DEAD MAN'S CHEST.
YO-HO-HO AND A BOTTLE OF RUM!


Hej-hej-hej-hej hej-hej-hej! Hej-hej-hej-hej-hej-hej-hej! Hej hej-hej hej-hej hej-hej!
He-laho-laho-la HO-O-O-o-o-laha-a-a—aaa!
(s. 79-80)

Kvifor all denne valden? Kvifor blir dette diktet så valdeleg? Det er kanskje snakk om ein overdreven fantasi-vald, men lesaren blir likevel sitjande og lure på kva som driv diktet til slike ytterlegheiter. Når ein les vidare ser ein at diktet prøvar å forklare seg sjølv. Det blir beskreve korleis piratbrøla får hans «lykkelige barndom" til å vakne: "[...] som om dette råb over havene [...] fra min fortid kunne påkalde / Denne lykke, som jeg aldrig mere skal komme til at føle.»

Dette er ikkje ein Elsk meg bort fra min bristende barndom, snarare ein Pin meg tilbake til min lykkelige barndom. Dei minna som no byrjar å strøyme på, består for ein stor del av brokkar av songar, som han kan hugse tanta song til han då han var liten. Minner om kjensler, og om konkrete ting som hus, vindauge og gater blir alle forankra til eller bundne saman av desse songane, som framleis eksisterer og let seg synge. Minna, derimot, let seg ikkje uttrykke på same måten, og fortida er definitivt tapt. Det heile kuliminerer i linja «O svundne barndom, en dukke, som de har knust!» Det går eit skarpt skilje mellom fantasien og røyndommen: sett i lys av tida er fantasien det mest konkrete. Fram til eit punkt har diktet hylla begge deler hemningslaust, både fantasien og røyndommen, men på eit punkt kjem dei i konflikt. For å flykte frå innsikta om at fortida er tapt, prøvar han igjen å påkalle piratane sine stemmer, og det lukkast, men berre gjennom «en nesten litterær fantasi». Endå ein gong blir biletet dobbelteksponert, men denne gongen er det realismen som snik seg inn i fantasien:

Jeg husker, hvor spændende det ville være
At klynge sønnerne op for øjnene af deres mødre
(Men føler meg mod min vilje som deres mødre)
At begrave fire års børn levende på øde øer
Og ro foreldrene derind, så de kan se det
(Men blodet fryser til is ved tanken om en søn, jeg ikke har, og som ligger og sover roligt derhjemme)
(s. 86)

Ein siste gong ropar piraten om skip i horisonten, men denne gongen har stemma ein annan karakter. Nærare, men også meir abstrakt. Medan dei valdelege fantasiane og dei personlege minna hittil har vore to ulike instansar, har dei no blanda seg til ei stemme som er like sår som ho er fryktinngytande. Stemma har no blitt «Den røst, som handler om moders skjød og søsters hårbånd [...] Den døve og fjerne Stemme blevet Den Absolutte Stemme, Stemmen Uden Mund [...] Fra ingen side i rummet, fra intet sted i tiden». I det fantasien og tidsavstanden tilsynelatande har gått saman i ein konspirasjon, dei let seg i alle fall ikkje lenger skilje, vaknar poeten, og ser igjen «den virkelige verden, som en lise for ens nerver!»

EG SER OPP FRÅ BOKA. Mannskapet på i hurtigbåten har lagt ut landgangen. Dei som står nærast byrjar å gå om bord. Eg står nær kaikanten, og når eg strekkkjer meg kan eg sjå dei små, kvite glimta av dagslyset sitt gjenskin på toppen av dei små bølgene mellom kaia og båten.

Diktet sluttar ikkje med oppvakninga. Vi er tilbake ved den same scenen som i byrjinga, men stemninga er ikkje den same rolege og resignerte. I staden held diktet fram i den overoppheita tonen frå avsnitta før, men emnet har endra seg, og diktet munnar ut i ein ovasjon til dampskip, eksport, import, fakturaer og handelskorrespondansar.

Det er noko umenneskleg over Álvaro de Campos si stemme. Lesaren blir først slått over kor sjølvdestruktiv stemma er, og samtidig er det denne sjølvdestruktiviteten som held henne oppe og driv henne framover. Campos si stemme blir for meg den 'døve og fjerne Stemme', 'Uden Mund', som vaks ut av eit tomrom.

Viss eg måtte velje, ville tenkje på Pessoa meir som ein trubadur enn som ein filosof, og det er ikkje meint som ein kritikk, tvert imot. «Maritim ode» er eit eksempel på ei svært sann form for løgn. Pessoa sjølv sa i eit intervju med eit handelstidsskrift i 1926: «Verda blir styrt av myter; den som vil kvitte seg med verda eller styre henne, må lyge delirisk til henne, og gjere det så grundig at han lyg til seg sjølv.» I dette diktet blir konkret hyllest av ei abstrakt fortid til hyllest av den konkrete notida. Ikkje fordi notida er det einaste moglege, men fordi hyllesten er det. Det tapet som var utgangspunktet for diktet, let seg i ytste konsekvens ikkje uttrykke, for uttrykket er i seg sjølv ein seier og ei vinning. Ein kan spekulere: kanskje kunne det ha bli uttrykt gjennom togn, men togna kan ikkje innehalde den same aggresjonen som eit skrik. «Maritim ode» er likevel ikkje eit skrik, det er heller ikkje skildringa av eit skrik, det er draumen om eit skrik. Den ekstasen vi har lest gjennom, ser tøyleslaus ut, men det er nettopp fordi han er sirleg transkribert. I originalen aukar til og med fontstorleiken i dei mest eksalterte passasjane. Pessoa skreiv følgjande om «Maritim Ode»: ?Det har ikkje funnest eit tysk regiment med same indre disiplin som dette diktet.?

DENNE TEKSTEN HAR TO ALTERNATIVE SLUTTAR. I den første blir eg ståande på kaia medan mannskapet på båten heiser inn landgangen, får trossene kasta om bord, og eg blir ståande og sjå på korleis båten sin storleik endrar seg i det han forsvinn ut fjorden, og eg vil, utan at eg veit kva eg meiner eller føler om det, sjå at avstanden er noko som ligg framfor meg.

I den andre slutten vil eg løfte sekken min, løyse billett, stige om bord og setje meg ved vindauget. Derifrå vil eg sjå vatnet bli piska kvitt, og viss eg snur meg, viss eg strekkjer meg bakover, til sjenanse for dei som sit på setet bak, vil eg sjå havna bli mindre og byen forsvinne bak meg, akkompagnert av ein stigande panikk som får meg til å setje meg ned i setet for å skrive denne teksten.

Syn og Segn nr. 2/2003

Litteratur:

Bréchon, Robert: Estranho estrangeiro. Uma biografia de Fernando Pessoa [Étrange étranger]. Quetzal Editores, Lisboa 1996.

Coelho, Jacinto do Prado: Diversidade e Unidade em Fernando Pessoa, Editoral VERBO, Lisboa/São Paolo 1998 [1963].

Lourenço, Eduardo: Pessoa revisitado. Leitura estruturante do drama em gente. Editoral Inova, Porto 1971.

Monteiro, George (ed.): The Man Who Never Was. Essays on Fernando Pessoa. Gàvea - Brown, Providence, Rhode Island 1982.

Pessoa, Fernando: Stik modsat af hvad som helst. Digte af Álvaro de Campos. [Livro de versos, Edição Crítica] Oversatt, udvalgt og kommenteret af Peter Poulsen. Brøndum, København, 1998.

Sá-Carneiro, Mário de: A confissão do Lucio. Assíro & Alvim, Lisboa 1998 [1914].

Etiketter: ,