Tekstanneks

2. mars 2003

Pessoa/Campos: «Avreisa»

Avreisa


Av Álvaro de Campos

[17 fragment (a–q) av eit uferdig dikt av Fernando Pessoas heteronym Álvaro de Campos. Hakeparantesane i teksten stammar frå den portugisiske utgåva si transkribering [.] tyder eitt uleseleg ord i manuskriptet, [..] tyder to uleselege ord etc. [_] tyder eit opent rom forfattaren ikkje har fylt inn.]

a

No når Døden sine fingrar om halsen på meg
Varsamt byrjar å klemme til for siste gong...
Ser eg fortida utanfrå, bak meg,
Som eit sjølvmedvit større enn auga mine kan ta inn
Ser eg den eg var, og framfor alt den eg ikkje var
Klarsynt studerer eg den forvirra fortida mi
Og eg trur det har skjedd ein feil
I at eg levde eller at eg levde slik.

Skal det alltid, når Døden kjem inn på rommet til oss,
Og låser døra med nøkkel på innsida,
Og saka er avgjort og uoppretteleg,
Utan ankedomstol for skjebnen,
Skal det alltid, når livet har tikka mot midnatt,
Kome ei intens ro, ein uønska klarleik
Som vaknar som noko frå før barndommen, no, i det vi skal reise?
Eit siste plutseleg drag, eit veiknande blink, frå flammen som snart skal døy ut
Kaldt, intenst lys frå fyrverkeriet før den fullstendige oska,
Dei største toreskralla over hovuda våre, der
Vi veit at torestormen, fordi han er høgare oppe, har blitt svakare.

Eg snur meg mot fortida.
Eg kjenner kroppen sine sår.
Eg ser med den gleda som kjem av totalt klarsyn
Når det gjeld den instinktive evna til å feile, som eg hadde i livet.
Dei skal sløkke den siste lampen
I mi sjels gate, fordi det er morgon!
Teikn på [..]
Den siste lampen som dei sløkkjer!
Men heller enn å sjå sanninga, føreser eg henne
Heller enn å kjenne henne, elskar eg henne
Eg snur meg bak, mot fortida, ulevd;
Eg ser, og fortida er ei form for framtid for meg.

Meister, Alberto Caeiro, som eg kjende i byrjinga
Og som eg sidan la vekk som eit uviktig notat på ein lapp,
I dag innser eg feilen, og gret inni meg,
Eg gret med gleda av å sjå det klarsynet som får meg til å gråte,
Eg feirar min eigen død og mi uendelege evne til å feile,
Eg feirar oppdaginga av denne evna, berre å vite kven ho er.
Til slutt reiser eg meg frå dei nesten behaglege putene
Og er tilbake i den sunne angeren min.

b

Eg helsar deg farvel, skrekkelege univers!
Eg helsar deg farvel, på så mange ulike måtar
Skal eg sjå deg, og det skal vere for godt,
Viss det finst meir liv igjen, fleire måtar å kjenne deg på,
Fleire stader å sjå deg frå - og kanskje skal eg aldri sjå deg frå den Einaste Staden -
Det blir som det blir, eg helsar deg farvel, Verd!

Eg tek av stad til det aspektet av deg som Døden skal vise meg
Med det tyngande hjertet, den engstelege sjela, det fjerne blikket,
Og tanken om eventyr skaper bølgjer i blodet mitt
Eg tek av stad til Døden utan å venta å finne noko
Men eg er klar til å sjå praktfulle ting frå andre sida av jorda.

Eg helsar deg farvel, spontane Univers!
Dei nøgde engene sin detaljerte grønfarge
Den mørke grønfargen til tretoppane i vinden
Vatnet sin mørke kvitfarge
Sumpmosen sitt usynlege dun
Stormane sine immaterielle skuggeklør
Hava sine store [_] utstrekningar
Elvane sitt tydelege løp

Eg helsar farvel! Til Gud! Til Meg! Til Dykk!

Når eg skal forlate meg sjølv som ein stol eg reiser meg frå,
Legge verda bak meg som eit rom eg forlet gjennom døra,
Forlate heile denne forma av meiningar og tanke, av å føle tinga,
Som tvingar meg fast som ei kappe,
Når sjela mi endeleg skal kome fram til overflata av skinnet mitt,
Og eg skal bli oppløyst i det ytre universet,
Skal det vere med glede eg ser at Døden
Kjem som ei fjern sol i grålysninga av mitt nye tilvere

På dødsleiet si kronglete reise
Ei reise diagonalt mellom objekta sine dimensjonar
Til hjørnet av det aller høgaste taket, skal senga reise seg frå golvet
Løfte seg som ein latterleg ballong og halde fram
Som eit tog på skinner, direkte...
[_]
Eg er ikkje redd, Død, for det eg ikkje sluttar å skimte
Ditt forbodne kikehol gjennom døra di over jorda

Eg strekkjer ut armane mot deg som eit barn
På amma sitt fang når mora dukkar opp...
For deg legg eg fornøgd frå meg mine vaksenleiker
For deg har eg inga slekt eller familie, det har ingenting som bind meg
Dette fantastiske, konstante og sjukelege universet...
Alt det Definitive må vere i Deg eller ingen stader.

C

Eg, den komplekse, eg, dei mange
Eg saturnaliseringa av alle moglegheiter
Eg, bristen i demninga til alle personifiseringar
Eg, den eksessive, eg, den suksessive, eg den [_]
Eg, den så utflytande at det ber rett ut moderasjon og full stopp,
Eg som har levd gjennom blodet og nervane
Alle kjensleevnene som korresponderer med alle metafysikkane
Som eg har latt kaste loss i alle hamnene i sjela,
Passert i fly over alle markene i ånda,
Eg, utforskaren av den rasjonelle tenkinga sitt buskas
Den [_]
Skaparen av Weltanschauungen,
Den sjenerøse spreiaren av mi eiga likegyldigheit
I forhold til moderne straumar, alle ulike
Alle sanne i den augneblinken dei oppstår
Alle ulike personar, alle berre meg sjølv -
Skal eg døy slik? Nei: universet er stort
Og det er mogleg at uendelege ting kan oppstå
Nei: alt er betre og større enn vi tenkjer oss
Og døden vil vise oss absolutt ukjende ting...
Gud kjem til å bli meir nøgd.
Hurra for dykk, nye ting, som skal skje med meg når eg døyr,
Universet sin nye mobilitet som skal kome til syne innanfor min horisont
Når eg definitivt
Som ein damp som stig opp frå kaia før avreise
Medan skipsorkesteret spelar sjela sin nasjonalsong
Eg opphøgd i X, i ubalanse før avreisa,
Men full av dei uvitande immigrantane sitt vage håp,
Full av trua på det Nye, av rein Tru på det Oversjøiske,
Heia, dit ut, til dei internaliserte hava
På leit etter framtida mi - på markene, sjøane og elvane
Som bind saman jorda si runding - heile Universet -
Som fordreiar utsynet. Heia, dit ut...
Eg helsar deg farvel, ekstraordinære univers...

Først vil det kome
Ein stor kjenslemessig akselrasjon, ein [_]
Skrensing i medvitet sine gater
[_]
(Og til flyet mitt si siste landing [_])
Ei stor foreining av uforeinelege kjensler
Det raske, øydeleggande kvinet frå rommet mellom sjela og Gud
Frå den [_]
Dei sjelelege tilstandane mine, som hittil har påfølgt kvarandre, skal byrje å bli simultane
Heile min individualitet skal krølle seg saman til eitt punkt,
Og når eg er klar til å drage,
Skal alt eg er, og det eg skal vere utanfor verda
Smelte saman til eitt heile, homogent og kvitglødande
Og når lyden frå motorane aukar slik
At det blir ein støy som ikkje er metallisk, men abstrakt,
Skal eg med kvinet frå ein draum om fart dra til det Ukjende utanfor,
Legge bak meg marker, landskap, landsbyar på begge sider,
Og stadig nærare grensa, ved yttergrensene av det tenkbare,
Bølgjene som slår frå tinga sitt skipsbyggeri,
Ei ny type dynamisk evigheit som bølgjer bak den statiske evigheita -

s-s-s-ss-ss
z-z-z-z-z-z guddommelege bil

d

Og når senga nesten har nådd taket
Og eg ser bak meg, på dette nattlege utsynet - rommet med sine skap
Og kjenner skipspropellen i sjela
Ser eg allereie alt på lang avstand og annleis og kaldt...
Kjenslene mine opphopa i ein by langt vekke
Og til sutt, bak dei, heile universet, punktet der det sluttar...

e

Døden - dette vonde som nødvendigvis må intreffe;
Dette fallet ned til botnen av brønnen utan botn;
Denne universelle indre formørkinga;
Denne medvitsakopalypsen, med alle stjernene sitt fall -

Dette som ein dag skal bli mitt,
Ein dag veldig snart, veldig snart
Alle mine kjensler skal bli til ein svart flekk,
Og ein laus sand som renn mellom fingrane
Tanken og livet

Stasjonen i ørkenen, avfolka;
Den stumme tolken;
Menneskedokka utan auge eller munn;
Feira med irrlys
I eit hav som berre består av tomrom
Under ein himmel flerra av svarte lyn...
Ein styrer ulykksalig etter lyset, den høyrbare gnaginga av makkar på kjølen
Og mastene er lange fingrar av rav
Som peikar mot tinga sitt vakuum (som er tomrommet i alt)...
Stearinlysa bak raude, vakre og glanslause forheng
Flammar opp i vinden frå eit enormt hol utan ende,
Byrjar, utanfor tida, ei reise til enden på alt.
Strekkjer ein sjølvmedviten redsel ut i repa si klaging...
Knirking av tre kan høyrast i sjelen...
Det raske framsteget er noko som manglar...
Og dersom livet er horisontalt, skjer dette vertikalt...

f

La oss gå i døden med glede! For søren
Å måtte ha på seg dress, å måtte vaske seg,
Å måtte ha rett, likskapar, manérar og måtar,
Å ha nyrer, lever, lunger, bronkiar, tenner.
Ting å ha vondt og blod og sjukdom i,
(Faen ta alt dette!)

Eg er død, av keisemd også
Eg ler medan eg slår hovudet mot stjernene
Som om eg hadde slått meg i ein leikeboge
Som strekk seg frå eine sida av passasjen til den andre
Eg skal gå kledd i stjerner; med sola som bowlerhatt
I det store Karnevalet i rommet mellom Gud og livet.
Kroppen min er undertøyet mitt, kva gjer det meg
At det går frå søppel til jord i grava
At dei blir etne her eller der, alle organiske omriss?
Eg er eg.
Leve eg fordi eg er død! Leve!
Eg er eg.
Kva har eg å gjere med det kleskadaveret eg let etter meg?
Kva har rumpa med buksene å gjere?
Så skal vi ikkje ha truser med oss til dette uendelege utanfor?
Kva, skal eg ikkje få ny skjorte bak stjernene?
Faen, det må vere butikkar i Guds store gater.

Eg, den skrekkelege og umennesklege,
Som ikkje let seg skilje frå lyse sfinxar,

Eg skal hylle meg inn i stjerner
Og bruke Sola som bowlerhatt
I dette store karnevalet etter døden.
Eg skal klatre som ei fluge eller ein ape over
Den store himmelen over jorda,
Medan eg gir liv til monotonien i dei abstrakte romma
Med min ytterst subtile måte å vere til stades på.

g

Alle trur vi vil vere levande etter døden.
Vår redsle for døden er redselen for å bli levande begravd.
Vi vil ha framfor føtene våre lika av dei vi elska
Som om det enno var dei
Og ikkje den store indre skjorta som vi fekk ved fødselen.

h

Når tida for den Store Avreisa kjem,
Når vi endeleg skal legge ut frå menneska og kjenslene
Og når vi, emigrantar til evigheita, skal vi gjere den uunngåelege reisa,
I linjebåten M/S Døden (Kva for merkelapp vil koffertane våre ha...
Kva for eit namn så herleg utanlandsk, på staden, hamna, reisemålet?)
Og legge bak oss denne tomme og forferdelege verda så [_] for nervane,
Desse inntrykka av tinga så samanhengande og mystiske,
Desse menneskelege kjenslene så naturlege og uforklarlege,
Denne torturen, desse lystene utanfrå, (og frå no av) desse lengslane så plutselege og utan mål
Denne oppstiginga frå vår feminitet i det vi ser at den vakar over og er mor til dei små tinga,
Til tinnsoldatane, og leiketoga og spennene på vår barndoms sko,
Kva tid, eigentleg, for alltid, ugjenkalleleg,
[_]

i

Frå huset på toppen, evig og fullkome symbol,
Ser vi markene, ser vi alle markene,
Og eg helsar dei til slutt med den sanne stemma,
Eg gir dei lykkeønskjer, gråtande, med sikre tårer og eksakte lykkeønskjer -
Eg trykkjer dei mot brystet, som sonen som møtte igjen sin tapte far.

Leve, leve, leve
Fjell og sletter og gras!
Leve, elvar, leve kjelder!
Leve, blomster og tre og steinar!
Leve, alle levande vesen - små dyr,
Krypdyr, insekt og fuglar,
Alle dyr, så verkelege utan meg,
Menn, kvinner, barn
Familiar og ikkje-familiar i like stor grad!
Alt ein føler utan å vite kvifor!
Alt liv som blir levd utan å tenkje på at det blir levd!
Alt som sluttar og fell bort utan angst eller noko som helst
Som veit, betre enn meg, at det ikkje er noko å vere redd for,
At ingenting er slutt, at ingenting er tomrom, at ingenting er mysterium,
Og at alt er Gud, og at alt er Væren, og at alt er Liv.

Å, eg er fri!
Å, eg har rive sund
Tanken sine handjern.
Eg, cella, mi eiga frivillige hole,
Eg, det tomrommet eg sjølv drømte om,
Eg, som såg vegar og skuggefulle snarvegar i alt
Og skuggen og vegane og snarvegane var eg sjølv!
Å, eg er fri...
Meister Caeiro, eg kom tilbake huset ditt på toppen
Og eg såg det same som du såg, men med mine auger,
I sanning med mine auger
I sanning sanne...
Å, eg såg at det ikkje fanst død!
Eg såg at [_]

j

Det finst ikkje tomrom!
Ingenting er vondt!
Det finst ingen sanne mysterier!
Det finst verken mysterier eller sanning!
Det finst ingen Gud, heller ikkje liv, heller ikkje ei sjel utanfor livet!
Du, du meister Caeiro, det var du som hadde rett!
Men du såg likevel ikkje alt; alt er endå meir!
Glad song du gleda ved alt
Men utan å tenke på det du følte
Og det er difor gleda ved alt er grunnleggande udødeleg.
Korleis kunne du glad ha sunge den komande døden
viss du hadde kunna tenkje på den som døden
Viss måtte ha følt natta og slutten?
Nei, nei: du visste
Ikkje med tankane, men med heile kroppen,
Med alle alle dine kjensler så opne for verda
At det ikkje finst noko som døyr, ikkje noko som sluttar,
At kvar augneblink ikkje passerer,
At kvar plukka blomst forblir på stilken,
At det givne kysset er evig,
At i kjernen og tinga sitt univers
Er alt glede og sol
Og berre i feilen og i blikket er det smerte og tvil og skugge.
Det blir feira med song og roser!

Og frå stasjonen i provinsen, den enkle landlege stoppestaden,
- Der kjem toget!
Med oppglødde lommetørkle, med auger som skin for alltid,
Lengtar vi med gull og blomster etter døden som kjem!

Nei, nei ikkje narr oss!
Den allereie gravide jorda si omsorgsfulle bestemor!
Dei uttrykte kjenslene si forkledde gudmor!

Og toget kjem rundt svingen, men saktare, og det skal stoppe...
Med ein stor eksplosjon av alle mine forventningar
Mitt hjerteunivers
Inkluderer gullet frå alle soler,
Broderer i sølv alle stjerner
Veks i blomster og grønsaker,
Og døden som kjem konkluderer det dei allereie veit
Og i sitt alvorlege fjes framviser dei
Guds menneskelege smil!

l

I

Eg skal synge
Når morgonen opnar dørene til kreftene mine,
Eg skal synge,
Når dagslyset får meg til å lukke auga,
Eg skal synge,
Når skumringa viskar ut konturane,
Når natta kjem som den tilbedde Keiserinna
Eg skal synge til Di Ære og mitt eige formål.
Eg skal synge
Og i gatene flankert av nåletre
I alleane i dei gjengrodde hagane,
På gatehjørna, i bakgardane
Til vakthusa,
Skal Din Seier kome som eit trompetsignal
Og mi vilje ventar på den utan å tenkje to gongar på det.

II

Nær inngangsdøra mi
Der dei andre sine barn leikar
Bryt det ut ein disiplinert og behagleg barnesong
Og eg er det femte barnet, viss det berre var fire,
Og ingen skal forlate meg sjølv om eg ikkje er der,
Eg syng kanskje, medan eg søv gjennomsiktig og taus.

m

Og viss alle ser på døden som lite viktig, og heller ikkje klarer
Medan dei lid, å konsentrere seg om å lide,
Er det fordi livet ikkje trur på døden, er det fordi døden er ingenting.

Eg feirar alle fargar, vinden
Under jorda sin store og lyse og blå himmel...
Dans og song,
Glade tonar,
Lyd av latter og snakk, og banale samtalar
Helsar døden velkommen, fordi døden ikkje kjem,
Og livet føler i alle årar,
Kroppen kjenner med alt som i han er sjel,
At livet er alt, og døden er ingenting, og at tomrommet
Berre er synet si blindheit,
At alt dette verken er i stand til å eksistere eller slutte å eksistere,
Fordi å eksistere er å vere, og å vere let seg ikkje redusere til ingenting,
Å, viss heile denne opplyste verda, og desse blomstane og dette lyset,
Viss heile denne verda med jord og sjø og hus og folk,
Viss heile denne naturlege verda, sosial, intellektuell,
Desse nakne kroppane under naturlege klede,
Viss alt dette er illusjon, kvifor er det her?
Du meister Caeiro, det var berre du som hadde rett!
Viss dette ikkje er, kvifor er det?
Viss dette ikkje kan vere, kvifor kan det vere?

Eg helsar han velkommen, når han kjem,
Døden, denne synsfeilen,
Eg helsar med dei landlege luktene, dei plukka blomstrane bert rundt halsen,
Med festivalane og kveldane i gatene,
Med dei festande gjengane og dei nøgde familiane,
Med gleda og smerta, med nytinga og sorga,
Med livet sitt store, opprørte hav.

Eg helsar han velkommen utan frykt,
Som ein som på stasjonen i provinsen, på den landlege stoppestaden,
Helsar den reisande som skal kome med toget frå Den Andre Sida.
Dei helsar nøgde,
Barn som syng og ler, kroppane til fulle ungdommar,
Den grove og naturlege gleda i barane,
Og omfamningane, kyssa og smila frå jenter.

Eg feirer blodet sin farge og grønfargen,
Eg feirer lyset sin farge og elden sin farge,
At døden er livet som blir til maskerade,
Og at det hinsidige blir dette, akkurat dette, i ei anna notid,
På ein annan meir variert måte eg ikkje kjenner,
Rop det ut over høgdene,
Rop ut over dalane,
At døden ikkje er viktig i det heile tatt,
At døden berre er tull og tøys,
At døden er ein [_]
Og at viss alt dette er ein draum, er døden òg ein draum.

n

Min tapte kjærleik, eg gret ikkje meir, for eg har ikkje tapt deg!
Fordi eg kan miste deg på gata, men eg kan ikkje miste deg i det som er,
For det som er, er det same i deg som i meg.

Mykje er fråvær, ingenting er tap!
Alle dei døde - folk, dagar, lyster,
Kjærleikar, hat, smerter, gleder -
Alle er berre på eit anna kontinent...
Det skal kome ein gong då eg skal reise av stad og sjå dei.
Då familiar og elskarar og vennar skal gjenforeinast,
I det abstrakte, i det reelle, i det perfekte,
I det definitive og guddommelege.

Eg skal møte i livet og døden
Draumane eg ikkje realiserte
Eg skal gi dei kyssa eg ikkje gav,
Ta i mot dei smila eg vart nekta,
Og føle i form av glede dei smertene eg hadde...

Å, kaptein, kor mykje forseinka blir
Avgangen til det transatlantiske skipet?
Orkesteret om bord byrjar å spele -
Glade, banale, menneskelege stykke, som livet -
Legg frå, for eg vil legge frå...

Lyden av metall som blir heist opp, lyden av mi utanding
Når skal eg endeleg høyre deg?
Frysningar på ryggen av maskinene si pulsering,
Hjertet mitt når det slår sitt siste hardt pressa slag -,
Lyden av utkiksvakta si signalbjølle, lyden av hamna sine sukk
[_]
Lommetørkle som vinkar frå kaia der dei blir verande...
Vi sjåast seinare, når de kjem, vi sjåast for alltid!
Vi sjåast i evigheita i det glade No,
Vi sjåast [_]

o

Store frigjerar som braut handjerna til all slags død - kroppen sin død og sjela sin død

Døden, sjukdommen, tristheita
Kunsten, vitskapen, filosofien,
Store frigjerar
Som utraderte murane i det gamle fengslet,
Som fekk stillasa til det nye fengslet til å kollapse,
Som opna, par for par, alle vindauga
I alle rom i alle hus
Og den verkelege vinden reinska alle rom frie for røyk og søvn,
Romma vigde til romlege gleder,

p

No når eg er nesten i døden og allereie ser alt klart
Vender eg underdanig tilbake til deg, Store Frigjerar.

Personlegdommen min har utan tvil teke slutt.
Utan tvil fordi viss han viste seg, var det fordi han ville seie noko,
Men i dag, når eg ser bakover, er det berre eit mismot igjen av meg -
Over ikkje å ha hatt di overlegne ro i høve til deg sjølv,
Di stjernerike frigjering i den Endelause Natta.

Eg hadde kanskje ikkje noko her på jorda å gjere,

q

Rullande ut frå det fiktive fellesskapet til stjernehimlane
Den store gleda ved den ikkje-eksisterande meininga med livet...

Han kling festleg, min gravferdsmarsj!
Eg vil opphøyre utan konsekvensar...
Eg vil gå til døden som til ein fest i skumringa,



Gjendikta av Øystein Vidnes

Trykt i Prosopopeia nr. 2/2003. Originalteksten er henta frå Álvaro de Campos: Poesia. Edição Teresa Rita Lopes (Assíro & Alvim, Lisboa 2002). Elles ei stor takk til Frode Norstrand Olsen for hjelp med gjendiktinga!

Etiketter: , ,